Tyrkia, Nato og sjølvstyret i Nord- og Aust-Syria
Statssjefane i Nato møttest i Madrid i sommar. Da snakka ingen om elefanten i møtesalen: samspelet mellom Tyrkia, Islamsk stat og liknande jihadistgrupper i Syria.
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Islamsk stat (IS) oppretta hemmelege terrorceller før dei i 2019 mista det siste landområdet sitt i Syria. IS-cellene tar no nye liv kvar einaste veke. Englands-baserte SOHR (Syrian Observatory for Human Rights) melde nyleg at IS-aksjonar drap 32 personar i Nord- og Aust-Syria i juni. Dokumentasjonsgruppa Rojava Information Center peikar på ei av årsakene: «IS er framleis ein velfinansiert og brutal organisasjon som er i stand til å rekruttere tilhengarar i det økonomisk underutvikla Nord- og Aust-Syria.» Enklare sagt: IS har pengar og rekrutterer på svolt og arbeidsløyse.
Les svaret frå den tyrkiske ambassaden her.
Slaget ved Hasakah
IS-åtaket i byen Hasakah i januar 2022 viste at IS igjen har militær slagkraft. Hundretals IS-krigarar gjekk til åtak på al-Sinaa-fengselet. Dei skulle sette fri 5000 krigsfangar. Dei som starta åtaket, var organiserte i fire grupper. To bilar lasta med sprengstoff køyrde i stor fart mot fengselet. Sjåførane sprengde seg da dei trefte porten.
Sjølvmordsbombarar på motorsyklar køyrde så inn på fengselsområdet og utløyste eksplosjonar der. Den tredje gruppa sette fyr på eit drivstofflager. Så gjekk krigarar frå dei skjulte IS-cellene til åtak. Mange kom frå bustader nær fengselet. IS-sympatisørar som budde der, hadde grave tunellar mellom husa. Alt skjedde lynraskt og samordna. Etter ein halv time sende IS inn forsterkingar.
Fire månader etter IS-åtaket møtte eg Siyamend Ali i Hasakah. Han deltok i kampane. No er han leiar av mediekontoret til USA-allierte YPG (Folkets forsvarsstyrkar). Tyrkia var framleis einaste Nato-landet som definerte YPG som terroristar.
Ali hevda at metodane forsterkingsgruppa brukte i Hasakah, viste at dei ikkje var «vanlege» IS-krigarar. Dette var godt trente spesialstyrkar, eliten blant IS-krigarane. Ifølgje han var åtaket så stort og militært så velorganisert at vi kan legge til grunn at IS hadde fått planleggingshjelp utanfrå.
Nokre hundre av dei 5000 fangane kom seg ut av fengselet, men mange vart arresterte på nytt.
IS gav opp etter harde kampar i ti dagar. Forsvarsstyrkane hadde da 121 falne. SOHR melde at IS halshogg fleire fengselstilsette. Ulike kjelder seier at 350–380 IS-krigarar vart drepne. Fem–sju sivile mista livet.
Åtak frå både IS og Tyrkia
Forsvarsstyrkane beslagla dokument både frå krigsfangar og frå falne IS-krigarar. Ali hevdar at dokumenta inneheld detaljar både frå førebuinga og om kva IS planla etterpå. Ifølgje han vart dei fleste våpena frakta frå den okkuperte byen Sere Khaniye. Men han presiserer at det ikkje er bevis for at Tyrkia leverte våpen direkte til IS.
Ali seier at Tyrkia gjennomførte tre militæraksjonar da IS starta åtaket på al-Sinaa-fengselet: «Artilleriåtak i grenseområda. Droneåtak drap to av dei militære leiarane våre. Det eine åtaket var i byen Tell Tamir, og det andre i Qamishlo. Alt dette hende i det same minuttet som IS sprengde fengselsporten.» Eg har ikkje funne uavhengige kjelder som stadfestar så nøyaktig samanfall i tid.
Samrøre og konflikt
Det er ikkje lett å forstå verken den innbyrdes kampen mellom IS, andre jihadistgrupper og Tyrkia eller samhandlinga som Erdogan nektar for, men som mange seier er veldokumentert. I mars 2018 var eg i den arabiske byen al-Shaddadi rett etter frigjeringa frå IS. Ei kvinne fortalde om overgrep frå IS og andre jihadistgrupper. «Dei skiftar berre uniform frå den eine jihadistgruppa til den andre. No på slutten var dei IS», sa ho.
Ein rapport frå Rojava Information Center gir fakta om slike overgangar. Rapporten omtalar 43 tidlegare IS-soldatar med namn, bilete, alder og militær karriere. Frå 2019 var dei alle med i dei tyrkiske okkupasjonsstyrkane i byane Tell Abyad og Sere Khaniye. Litt forenkla: IS-krigarar vart leigesoldatar for Tyrkia.
Kor står Noreg?
Opprøret mot president Assad starta våren 2011. Den syriske nasjonalkoalisjonen vart oppretta på ein konferanse i Qatar hausten 2012. Ein månad etterpå kunngjorde daverande utanriksminister Espen Barth Eide (Ap) at «Norge anser Nasjonalkoalisjonen som den legitime representanten for det syriske folket». Det same gjorde USA, Tyrkia og 16 andre land.
På ein konferanse i Istanbul oppretta Nasjonalkoalisjonen så ei syrisk interimregjering. Hürriyet Daily News melde i 2015 at USA hadde gitt seks millionar dollar til denne regjeringa som var tiltenkt å få sin eigen hær og overta Syria etter Assad. Frå 2017 vart regjeringa meir og meir avhengig av Tyrkia.
Sommaren 2017 sa president Erdogan at så snart Tyrkia hadde oppretta ei trygg sone lengst nord i Syria, «vil syrarane bli i stand til å opprette ein syrisk nasjonal hær, slik at dei kan føle seg trygge». Tyrkia samordna samtalar som førte til at over 30 væpna grupper vart med i den nye Syrian National Army (SNA). Tyrkisk presse melde at nokre av SNA-soldatane var trente og utstyrte frå Tyrkia. Formelt sett står SNA under kommandoen til interimsregjeringa.
«Kontroll frå Tyrkia»
SNA er ein mangfaldig organisasjon. Plyndring, utpressing, valdtekt og andre overgrep mot sivile er ein del av kvardagen. Rapportar frå FN og Amnesty har gitt mange eksempel.
SNA deltok i 2018 i den tyrkiske okkupasjonen av Afrin i det nordvestlege hjørnet av Syria. På ein pressekonferanse i Istanbul i oktober 2019 kunngjorde interimsregjeringa ei utviding av SNA. Washington-baserte Middle East Institute, som var der, skreiv dette om denne hæren: «Til saman tel dette utvalet av styrkar truleg minst 35.000 krigarar/soldatar på heiltid, alle under nesten total kontroll av Tyrkias forsvarsdepartement og den nasjonale etterretningstenesta (MIT).»
Tyrkia starta den tredje invasjonen av Syria fem dagar etter pressekonferansen. SNA var med. Flyktningar eg møtte i Raqqa i mai i år, fortalde detaljert om overgrep mot sivile.
Socialdemokraterna snudde
Den autonome administrasjonen i Nord- og Aust-Syria blir gjerne omtala som sjølvstyret. Regjeringspartiet i Sverige, Socialdemokraterna, erklærte i november 2021 at dei «stødjer Självstyret i nordøstra Syriens arbete för demokrati och respekt för mänskliga rättigheter». Erdogan sa derimot at sjølvstyret er terroristar. Socialdemokraterna svara at det var uakseptabelt at «visse statsaktører» karakteriserer PYD (Det demokratiske einskapspartiet) og forsvarsstyrkane YPG og YPJ som terroristar.
Før Nato-toppmøtet i juni varsla Erdogan ein fjerde invasjon. Han skal først ta den arabisk-kurdiske byen Manbij vest for Eufrat. Han har gong på gong sagt at han på litt sikt vil øydelegge både sjølvstyret og forsvarsstyrkane. Erdogan bad Nato støtte kampen hans mot desse terroristane som trugar Tyrkia. Han gjentok ønsket om slik støtte da han i juli møtte president Putin i Teheran.
Under Nato-toppmøtet snudde Socialdemokraterna 180 grader og slutta seg til Erdogans syn på kven som er terroristar i Syria. Natos generalsekretær Jens Stoltenberg oppsummerte slik: «Sverige vil derfor ikkje gi støtte til YPG/PYD.» Ifølgje tyrkiske Hürriyet Daily News var oppsummeringa frå presidentkontoret i Ankara kortare og tydelegare: «Tyrkia fekk det Tyrkia ønskte seg.»
Erdogan hadde uformelle klarsignal frå USA og Russland før invasjonane i Syria, i 2016, 2018 og 2019. Han var ikkje sterkare enn at han måtte ha det.
Det ugreie for Erdogan no i 2022 er at Putin så langt ikkje har godtatt den fjerde.