Tyrkias ambassade forsvarar okkupasjon

Publisert

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Aller først: Takk til den tyrkiske ambassaden for svaret på kronikken min i siste Dag og Tid: «Tyrkia, Nato og sjølvstyret i Nord- og Aust-Syria

Dermed kan vi diskutere dei krigane Tyrkia fører i nabolanda Irak og Syria.

Her skal eg berre ta opp fire av poenga i svaret frå den tyrkiske ambassaden.

1. I samsvar med folkeretten?

Vi er samde om at Tyrkia har gjennomført tre invasjonar – eller operasjonar – i Syria, i august 2016, i januar 2018 og i oktober 2019. Dei tre okkuperte områda blir i dag styrte av guvernørane i dei tre tilgrensande provinsane i Tyrkia. Ambassaden omtalar dei okkuperte områda som «operasjonsområda våre» og hevdar at «Tyrkia har utført desse operasjonane med grunnlag i folkeretten, og i samsvar med vår rett til sjølvforsvar ifølgje artikkel 51 i FN-pakta».

Men artikkel 51 opnar berre for «selvforsvar når et væpnet angrep er blitt foretatt mot et medlem av de Forente Nasjoner».

Eitt eksempel: 25. august 2016 rykte store tyrkiske styrkar inn i Syria vest for Eufrat. Målet var «å ta tilbake» byen Manbij som SDF (Syrias demokratiske styrkar) hadde frigjort frå IS ti dagar tidlegare. SDF hadde ført harde kampar mot IS i Syria, men ikkje gått til «væpnet angrep» på Tyrkia.

Artikkel 51 i FN-pakta gav tvert imot Syria rett til sjølvforsvar mot den tyrkiske invasjonshæren. Syria brukte ikkje denne retten. Tyrkia klarte likevel ikkje å erobre Manbij. I mai var eg i ein landsby nær frontlinja. Avstanden til Manbij var framleis om lag 12 kilometer nord for byen.

1. juni siterte avisa Yeni Safak ein tale president Erdogan heldt i parlamentet: «Vi vil reinse Tal Rifaat og Manbij for terroristar, og steg for steg vil vi gjere det same med andre regionar.» Artikkel 51 i FN-pakta gir ikkje ryggdekning for eit slikt etappevis tyrkisk felttog for å knuse sjølvstyret i Nord- og Aust-Syria.

Konklusjon: Tyrkia braut folkeretten i august 2016, gjentok dette i 2018 og 2019 og planlegg å gjere det igjen. Å kalle dei okkuperte områda for «operasjonsområda våre» ligg tett opptil Israel sin omtale av den okkuperte Vestbreidda i Palestina.

2. Ønskjer sjølvstyret lausriving frå Syria?

Ambassaden omtalar sjølvstyret som «ei terroristgruppe som verkar for lausriving» frå staten Syria. Sanninga er at sjølvstyret (med det offisielle namnet Autonomous Administration of North and East Syria) frå dag éin har vore imot ei lausriving frå staten Syria. Dei ønskjer ei indre omorganisering av Syria med størst mogleg grad av regionalt sjølvstyre. Og dei vil unngå trefningar med den syriske regjeringshæren.

Dei har poengtert dette så mange gonger at ambassaden ikkje kan vere uvitande.

3. Militære åtak på sivile?

Ambassaden skriv at «alle nødvendige tiltak [har] vorte sette i verk for å hindre all form for skade på sivile og sivil infrastruktur» under gjennomføringa av operasjonane.

Statuttane til Den internasjonale straffedomstolen i Haag seier at det er eit krigsbrotsverk når ein krigførande part «med vilje angriper sivilbefolkningen som sådan eller sivile enkeltpersoner som ikke direkte deltar i fiendtlighetene.»

Det siste året har eg to gonger besøkt sivile i byen Z’rgan, som ligg eit par kilometer frå eit av områda Tyrkia okkuperer. I august 2021 var eg i eit bustadområde to dagar etter eit tyrkisk åtak. Tyrkia hadde knust mange hus, tatt livet av to sivile og skada minst 13 andre. Mange var sende til sjukehus med alvorlege skader.

I mai i år såg eg fleire slike skadar i Z’rgan. Åtak med ulike våpen hadde i dei siste vekene øydelagt mange bustadhus. Kontora til landbruksbanken var knust. Eg var òg i ein landsby rett utanfor byen. Ti dagar tidlegare hadde eit tyrkisk åtak knust helsestasjonen og delvis øydelagt skolen. Men bustadhusa var heldigvis ikkje skada.

Tyrkia gjennomførte eit nytt åtak like etter at vi reiste frå landsbyen. Da øydela dei bustadhusa òg.

Alt dette er krigsbrotsverk, om vi tar statuttane til Den internasjonale straffedomstolen i Haag på alvor. Eg har sett mange slike tyrkiske øydeleggingar i Nord-Syria, men nemnar ikkje fleire her.

4. Krig for Atatyrks «Stor-Tyrkia».

Eg meiner president Erdogan fører krig i Irak og Tyrkia for å skape eit «Stor-Tyrkia» i samsvar med Den nasjonale pakta (eller berre Pakta) som Mustafa Kemal Atatyrk skreiv i 1920, rett etter første verdskrigen. Det betyr mellom anna at nordlege Syria og nordlege Irak skal bli nye delar av Tyrkia. I ein tekst som ofte blir kalla «Erdogans manifest», skreiv han sjølv i 2017: «Det er krystallklart: Den første verdskrigen er ikkje over enno. (...) Hovudvilkåret for kampen vår er å ikkje gløyme Pakta.»

Det er kanskje ikkje så lett å vere ambassadør for ein president som fører krig for slike mål?