Ungdomen sitt moralske alvor
På veggen utanfor Blitzhuset i Oslo står det ei streng åtvaring til dei som vurderer å gå inn. «Klå å få deng». Beveger du deg innafor desse veggane er det ingen toleranse for at hendene dine hamnar på kroppen til folk som ikkje ønskjer det. Eg har vurdert å banke på døra og seie frå at det er ein grammatisk feil i fråsegna. Det skal sjølvsagt vere «Klå og få deng». Så har det aldri blitt til at eg har gjort det. Det er førti år sidan eg sist var i huset. Kan hende det vankar deng også for å påpeike ein skrivefeil.
Eg kom til å tenkje på dette da eg oppdaga Håvard Rem sin ambisiøse artikkelserie om woke. Kunne den hjelpe meg til å forstå ting eg grublar over om kjeldene til ungdomen sitt djupe moralske alvor? Kva er det som gjer desse ungdomane så moralsk harde i møte med andre?
Blitzfolk har i alle år vore opptekne av rettferd og respekt på tvers av etniske, seksuelle og kulturelle grenser. Det djupe moralske alvoret har vore der frå starten. Det same har viljen til å stå opp for haldningane sine og skrike dei ut om nødvendig. Kor tek dei det frå?
Ungdomen sitt moralske alvor viser seg i ulike situasjonar. På markeringa av ein syttiåring er gjester frå ulike generasjonar samla. Ein av dei eldste held ein tale for jubilanten, og mimrar om da dei var unge. «Det blei ein del klaps og klåing på dansegolvet i dei åra», seier ho, til munterheit blant jamgamle av begge kjønn. Dei unge i rommet har steinansikt på. Dette finn dei ikkje morosamt i det heile.
Eg gjekk til Rem sine artiklar med ei forhåpning om å lære meir om kjeldene til ungdomen sitt moralske alvor. Så viste det seg at forfattaren hadde mykje større ambisjonar enn som så. Med wokebriller på prøver han å forklare politisk og sosial utvikling over heile kloden. Dette blir for stort og svulstig for meg. Eg fell av når Rem kjem med påstandar om at «resten av verda er antiwoke», og liknande generaliseringar. Det er liksom ikkje grenser for kva ein kan oppdage med wokeblikket.
I nest siste artikkel tek Rem for seg den negative utviklinga rundt innvandring i Sverige. Den forklarer han med at det er sinnelagsetikken som har fått dominere. Han hevdar at dette er ein etikk som ikkje verdset konsekvensar i det heile, berre sinnelaget til avgjerdstakaren. Her gjentek han ei vanleg misforståing blant studentar som tek førebuande prøve og har dårleg tid til å lesa og lytta. Sinnelagsetikken seier sjølvsagt ikkje at konsekvensar er irrelevante. Kjernen i denne etikken er at det finst forhold som er viktigare enn konsekvensar, slik som å møte folk med respekt og verdigheit. Om du ikkje har styring på konsekvensane av eigne handlingar, kan du ikkje forvente støtte frå sinnelagsetikken.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.