Morten Strøksnes sitt tredelte «essay» om samane har fått kritikk for aparte analysar og sviktande faktagrunnlag, mellom anna av oss. Hans svar på det han kallar vår «mislykka opprydding» (21. april), har gitt oss endå ei anledning «å rote det til». Vi vil gå inn på nokre enkeltpunkt og dessutan gi nokre merknader til Strøksnes sin debattstil.
Strøksnes innleier sitt svar ved å bli personleg. Han insinuerer at det er noko negativt ved ein av oss (Berg-Nordlie) sitt virke som fagansvarleg i Store norske leksikon. Det er litt uklart korfor det er negativt å skrive i leksikon, og Strøksnes gir heller ingen eksempel på kva som er gale med det. Strøksnes insinuerer òg at vi har reint eigennyttige motiv for å gå i debatt med han. Vi kan forsikre at vi har ting i livet vårt som hadde vore både meir eigenyttig og artigare å bruke tid på enn akkurat det.
Det er merkbart at Strøksnes gjerne skriv han ikkje nødvendigvis meiner ein bestemt ting, men så gir han deretter lesaren hint og vinklingar som styrer mot den konklusjonen likevel. Han bedyrar at det ikkje er viktig kven som kom først til nordområda av ulike folkeslag, men brukar likevel masse plass på å framstille det som at samane kom sist (ei håplaus oppgåve).
Og om søknadsbaserte støtteordningar for samisk kulturutøving skriv han at han «kritiserer absolutt ikkje at det finst slike ordningar», men samstundes mistenkeleggjer han dei støtta samiske aktivitetane ved å setje ordet «samiske» i hermeteikn, og vinklar saka på vis som fort leier lesaren til å tenkje at det er litt leitt at kulturarrangement i Nord-Noreg kan få ekstra støtte viss dei tar med noko samisk på programmet.
Strøksnes innleier det nemnde avsnittet med «når det gjeld midlar øyremerkte til samar…». Då ventar vi i spenning på at han skal gi oss dei eksempla vi har bede om på at Sametingets valmanntal blir misbrukt på den for oss ukjende måten at det finst eigne «midlar som er øyremerkte samar» som berre valmanntalsførte kan søkje på. Men det kjem ingen eksempel.
Derimot begynner Strøksnes, ut av det blå, å skrive meir generelt om støtteordningar til utøving av samisk kultur og til studium av samiske tema, og så skuldar han oss for å «late som om denne støtta ikkje finst». Men vi har aldri nekta for at støtteordningane finst. Dei gjer heldigvis det, og så vidt vi veit, kan alle søkje på dei – same eller ikkje same, valmanntalsført eller ikkje. Strøksnes byggjer her ein stråmann: Han skriv som om vi har sagt noko anna enn vi har.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.