Ordskifte I USA

USA, demokrati og diktatur

Gatekunst i Guatemala by fotografert i 2004, 50 år etter det USA-støtta kuppet mot president Jacobo A. Guzmán, som innleidde ein blodig borgarkrig.
Publisert Sist oppdatert

I Dag og Tid 7. mars blei eg skulda av Håkon Brimsø for å bagatellisera støtta USA har gjeve til ulike diktaturregime i den tredje verda, samstundes som amerikanarane stort sett støtta opp om demokratiet i Europa. «Ein skal ikkje reise særleg langt for å finne empiri som svarar til fleire hyllemeter med kapittel om USAs bidrag til valfusk, intervensjon, terror, massakrar og attentat i og utanfor Europa», skriv Brimsø.

Som han sjølv er inne på, er det ikkje mogleg innanfor den avgrensa spalteplassen som ein har i éin kommentarartikkel i Dag og Tid, å dra heile historia om amerikansk utanrikspolitikk etter krigen, spesielt ikkje når det ikkje er temaet i artikkelen. Det eg skreiv om i artikkelen Brimsø rettar kritikk mot, var USAs politikk i høve til det Europa som kjempa mot den ekspanderande stalinismen etter den andre verdskrigen.

Når ein skal oppsummera USAs politikk i den tredje verda i kald krig-perioden, det vil seia frå om lag 1947 til 1990, kan ein sjå to ulike element som var avgjerande for den amerikanske utanrikspolitikken: For det fyrste handla det om kva for eit tilhøve eit regime valde å ha til Sovjetunionen. Såg USA teikn til byrjande band med Sovjet, var vegen til intervensjon ikkje lang.

Dessutan handla det om tilgangen USA og amerikansk kapital hadde til det aktuelle landet. Dette såg ein i Guatemala og i Iran i fyrste delen av 1950-talet, der USA bidrog til regimeskifte, utan at det var nokon påviseleg fare, så langt eg veit, for at desse landa batt seg til Sovjet.

Korleis skal ein i ettertid, sett frå ein demokratisk synsstad, dømma den amerikanske utanrikspolitikken i denne perioden? Det er ingen tvil om at USA gav støtte til mange regime som var heilt uspiselege. Samstundes er det eit historisk faktum at mange av landa med desse regima, spesielt etter 1980-talet, omforma seg i demokratisk lei. Brasil, der USA støtta eit brutalt militærkupp i 1964, er i dag eit demokrati. Det same gjeld for Chile og Argentina.

Dei landa i Latin-Amerika som ikkje har utvikla noko demokrati, er dei landa som blei støtta av Sovjetunionen, eller der makthavarane var autoritære sosialistar. Det er nok å nemna Cuba, Nicaragua og Venezuela. Den kommunistiske vegen viste seg – også her – å vera ei blindgate.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement