Ordskifte

«Utan den militære støtta ville Ukraina i dag vore okkupert av Russland.»

Tanya Nedasjkivska i Butsja i Ukraina sørger over ektemannen, som var mellom dei mange myrda sivilistane som russiske invasjonsstyrkar på retrett lèt etter seg langs gatene i 2022.
Tanya Nedasjkivska i Butsja i Ukraina sørger over ektemannen, som var mellom dei mange myrda sivilistane som russiske invasjonsstyrkar på retrett lèt etter seg langs gatene i 2022.
Publisert Sist oppdatert

Sidan 1950-åra har me levd i skuggen av ein mogleg altøydeleggande atomkrig. Har likevel eksistensen av slike våpen forhindra ein tredje verdskrig? Kan me stola på at inga atommakt vil ta desse våpena i bruk av frykt for at motparten slår tilbake? Og i dagens situasjon: Kan me leggja til grunn at Putin-regimet ikkje vil våga å setja inn atomvåpen for å nå måla sine i Ukraina? Kan altså Vesten innretta politikken sin overfor Ukraina og Russland som om atomvåpena ikkje fanst?

Svaret på det første av desse spørsmåla er at me ikkje veit – me vil aldri få vita om det er eksistensen av atomvåpen som så langt har forhindra ein ny krig direkte mellom atommaktene. Svaret på dei andre spørsmåla er nei – logikken til terrorbalansen kan svikta. Det finst ingen garanti for at Russland ikkje vil ta i bruk atomvåpen mot Ukraina eller mot land som støttar Ukraina. At Russland faktisk kan ta i bruk atomvåpen, må derfor vera ein del av grunnlaget for Vestens svar på Russlands aggresjon.

Utvalde mål

Russiske tryggingspolitiske «ekspertar» som inntil for få år sidan var velkomne gjester i vestlege tryggingspolitiske tankesmier, har teke til orde for å bruka atomvåpen mot utvalde mål i Vest-Europa, basert på ein føresetnad om at ingen av dei vestlege atommaktene ville slå tilbake og dermed utløysa den altomfattande atomkrigen. Meiner desse analytikarane faktisk det dei skriv, er dei villige til å satsa alt på at hypotesen deira faktisk er rett? Dei må jo vita at dei kan ta feil, at det er mogeleg at dei vestlege atommaktene faktisk ville svara. Vil slike tankar om å ta i bruk atomvåpena kunna vinna fram blant det som truleg er ein liten krins av avgjerdstakarar i Moskva? Me veit ikkje – men det kan altså ikkje sjåast bort frå.

Slike spørsmål synest å vera utgangspunktet for teksten til Kaj Skagen i Dag og Tid 13. desember 2024, «Eg er dauden». Skagen bruker delar av teksten på å minna om øydeleggingskrafta til atomvåpena. På bakgrunn av dette fremmar han ein tese om at vestlege beslutningstakarar, og vestlege analytikarar, ikkje lenger tek faren for atomkrig på alvor: I motsetning til Jürgen Habermas, og altså Skagen sjølv, har dei gløymt redslane til atomkrigen. Dette, saman med «skrekkvisjonar av russiske barbarar som strøymer over det forsvarslause Vesten», får dei til å føra ein politikk «som held den øydeleggjande krigen i Ukraina i gang, og som med søvngjengaraktig visse tek oss steg for steg nærare den utenkjelege katastrofen» – atomkrigen.

Ikkje enkle svar

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement