Vi treng allmenne språkkrav
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Tilsette i faste ordinære vitskaplege stillingar ved norske universitet og vitskaplege høgskular må ha god nok norskkompetanse til å kunne utføre alle oppgåvene som stillinga omfattar. Derfor treng vi allmenne språkkrav for slike stillingar.
Norske universitet og vitskaplege høgskular er ikkje frittståande, einfaglege forskingsinstitusjonar. Fast tilsette i ordinære vitskaplege stillingar ved statleg finansierte norske universitet og vitskaplege høgskular skal (1) forske, sjølvkritisk og nyskapande, og (2) undervise i gjeldande fagfelt, men også (3) ta del i institusjonsinterne komitear og kommisjonar, og dessutan (4) bidra til å oppfylle universitetets samfunnsoppdrag, både ved «impact», til dømes i form av vitskapsbasert rådgjeving (science advice), for eksempel ved å vere med å utarbeide offentlege utredningar (til dømes NOU-ar), og ved å ta del i den offentlege samtalen. Det er dette dei er betalte for, dei som er tilsette i faste ordinære vitskaplege stillingar ved norske universitet og vitskaplege høgskular.
For å kunne utføre dette, må dei tilsette i slike stillingar ha den kompetansen i norsk som trengst for å kunne gjere alt dette. Dei som ønskjer å bli fast tilsette i ordinære vitskaplege stillingar ved norske universitet og vitskaplege høgskular, må derfor kunne dokumentere at dei innan rimeleg tid har den norskspråklege kompetansen som trengst, i det aktuelle fagmiljøet, med tilhøyrande institusjonelle ordningar.
Korleis kvar og ein oppnår ein slik norskspråkleg kompetanse, må vere opp til den enkelte. Men på nasjonalt nivå bør det vere visse allmenne reglar og rutinar, som sikrar at fast tilsette innan ei rimeleg tid er i stand til å utføre alle dei arbeidsoppgåvene som dei er betalte for å utføre.
Dersom det ikkje skjer, vil det oppstå ei skeivfordeling av arbeidsoppgåver på dei enkelte institutt: Vi får eit A-lag av utlendingar utan tilstrekkeleg norskkunnskap, som kan konsentrere seg om eiga forsking og relatert undervisning, og eit B-lag av norskkunnige som i tillegg gjer alt det andre. Dette vil vere ein usolidarisk og uhaldbar tilstand – og naturlegvis også ei fagforeiningssak, mellom anna for Forskarforbundet.
Derfor treng vi visse allmenne reglar om norskkompetanse for fast tilsette i ordinære vitskaplege stillingar ved norske universitet og vitskaplege høgskular.
Ein slik språktest bør vere føreseieleg for dei som søkjer på slike stillingar.
Testen bør vere enkel å administrere og rimeleg å finansiere.
Testen bør gjelde fagrelevant, funksjonell norskkunnskap, med tanke på dei arbeidsoppgåvene som stillinga omfattar. Det treng i så måte ikkje vere ein allmenn språktest, der kravet om ordtilfang kan vere meir oppfattande.
Testen på oppnådd språkkompetanse bør handhevast med skjønn, både med omsyn til arbeidsoppgåvene i ulike fagmiljø, og også med tanke på om vedkommande har spesielt attraktive faglege kvalifikasjonar.
Forslag, for §7 i høyringsnotatet: På nasjonalt nivå bør det derfor etablerast visse allmenne reglar og rutinar, som blir tydeleg omtala i utlysingsteksten, slik at dei som søkjer på faste vitskaplege stillingar ved norske universitet og vitskaplege høgskular, er klare over kva dei går til.
For eksempel, eit forslag – ut frå det som er sagt ovanfor: Etter (for eksempel) to år melder universitets/høgskulens datasystem automatisk at det blir tillyst ei prøve i fagleg relevant norskkompetanse, i form av ei open offentleg førelesing på norsk, om eit oppgitt fagleg tema, etterfølgt av ein norskspråkleg diskusjon med ein oppnemnd eksamenskommisjon av norskspråklege fagkollegaer, som på denne bakgrunn anten godkjenner eller underkjenner den norskspråklege prestasjonen.
Dersom resultatet er negativt (det vil seie, dersom det ikkje blir sendt inn ei melding om at kandidaten har tilstrekkeleg, fagleg relevant norskkompetanse), stoppar lønsutbetalingane, og tilsetjingsforholdet blir avslutta.