Vipa

Me Vangsgutane fekk tanke om at me ville heidra denne kjekke fuglen.

Publisert

I Dag og Tid er det skrive ein del om vipa i dei siste utgåvene. Sist i eit lesarbrev av Håkon Lasse Leira: «Korleis går det med vipa?»

Ja, at den er utryddingstrua, er det ikkje tvil om.

På Lindås er me ei dugnadsgruppe, Vangsgutane kalla (utan Larris), som har bygd ein park ved Lindås kyrkje, Lindås Kyrkjepark. I denne er sett ymse minnesmerke over kjende historiske personar frå Lindås, minne om dei som fall i andre verdskrig, og dei som deltok på utefronten i den same krigen.

So fekk me Vangsgutane tanke om at me ville heidra denne kjekke fuglen på den måten at me måtte få laga den i bronse og setja den i Lindås Kyrkjepark til ære og minne, og at framtidas tilveksande folk skal få sjå korleis den såg ut, og litt av livet til vipa. Nokre av oss Vangsgutane støypte mursokkel for å setja vipa på, som ein kan sjå på fotovedlegget. Den laga Vidar Bratlund-Mæland i Os, eller Bjørnafjorden kommune no.

Rett ved sida av denne vipa står statuen av den kjende lyrikaren Aslaug Låstad Lygre. Om dei «sov burt sumarnatta» veit eg ikkje, dei står i vakker natur, so det er vel verd å vera vaken. I vipereiret ligg fire egg. Dei ligg to pluss to med spissane mot seg, som det seiest det var i reira.

På sokkelen er festa tekstplate med denne teksten:

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement