Vrangt og rett

Publisert

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Det var lett å føreseie at kommentaren min om rasisme i Noreg ville bli utsett for vranglesing, og at enkelte ville oversjå atterhalda eg tok. I innlegget sitt i Dag og Tid nr. 49 gjer Johanne Laache nettopp dette.

Hovudpoenget mitt var at det verkar som det er blitt langt mindre rasisme i Noreg i løpet av dei tre siste generasjonane. Hos foreldregenerasjonen min var rasisme nokså utbreidd og akseptert. I dag er rasisme blitt eit tabu. Så godt som alle er einige i at rasisme er forkasteleg, bortsett frå nokre marginaliserte personar som risikerer å miste jobben og bli strafferettsleg forfølgde dersom dei gir uttrykk for meiningane sine.

Trass i denne påfallande utviklinga har eg aldri sett eitt einaste innslag i media, eller blant alle organisasjonane og forskarane som jobbar på dette feltet, som anerkjenner noko positivt i utviklinga. Tvert om kan det verke som det berre finst éi mogleg vinkling, og det er at rasismen stadig vinn nytt terreng. I den samanheng trekte eg fram blant anna at det reint faktisk er mange som direkte og personleg tener på å maksimere problemet. Dette er berre éi side av saka, men i alle andre samanhengar ville slikt blitt sett som relevant. Så kvifor ikkje her?

La meg spørje Laache direkte: Meiner ho at den røyndomen eg skildrar i kommentaren, er feil? Meiner ho at foreldregenerasjonen min var mindre rasistisk enn vi som er barna deira, og våre barn igjen? At det massive, systematiske arbeidet mot rasisme som er gjort i Noreg av titusenvis av profesjonelle og frivillige – alle kampanjar, kursing, alt arbeid i klasserommet, i politikken, forvaltninga, lovverket, idretten og så vidare – har vore heilt mislykka og bortkasta? Det er i så fall eit ganske radikalt standpunkt.

Det at ein ikkje er rasist, er sjølvsagt ikkje noko å skryte av. Men eg skjønner heller ikkje behovet for å prøve å skjule eventuelle framsteg. Når så godt som alle i Noreg er einige med Laache og meg i at rasisme er forkasteleg, burde vi kunne koste på oss litt realisme. Men nettopp fordi det er blitt nulltoleranse for rasisme (som ikkje er det same som å seie at det finst null rasisme), ser somme ein sjanse til å markere seg litt ekstra. Risikoen for å bli motsagd er minimal, sidan ingen forsvarer rasisme. Det har kanskje oppstått eit slags verbalt kappløp den andre vegen.

I kommentaren bruker eg også nokre erfaringar som eg sjølv kallar «personlege» og «anekdotiske». Johanne Laache trur dei er meinte som «anekdotiske bevis». Noko slikt eksisterer sjølvsagt ikkje (det er eit eksempel på det ein på ex.phil. kallar contradicto in adjecto). Men personlege erfaringar er likevel ikkje heilt verdilause. Vi akkumulerer trass alt ein heil del kunnskap gjennom å leve, og slike inntrykk seier i alle fall noko om verda.

Laache meiner at Noreg var/er ei kolonimakt fordi samane blei koloniserte. Alle historiske tema har rom for tolking, og det er mykje å seie om dette. For eksempel at heile Finnmark var ein koloni i dansketida. Danskekongen – og i ein periode danske handelskompani, organiserte på same måte som Det danske ostindiske kompaniet – hadde monopol på handel med Finnmark, som den gong også omfatta mesteparten av Troms. Den etnisk norske befolkninga blei i høg grad offer for kolonial utbytting etter klassisk kolonimodell. Også samane blei skattlagde og utsette for ulike former for undertrykking og skuldingar om trolldom. Under hekseprosessane blei for eksempel 13 samar og 78 etniske nordmenn brende på bålet.

Det har vore kontinuerleg busetting langs kysten av Nord-Noreg sidan steinalderen. Arkeologiske (og genetiske) studiar viser at samane langt frå var dei første i Nord-Noreg. Kven som var først, og når det i det heile er rimeleg å kalle menneske i forhistorisk tid for «norske», er det usemje om. Men dagens etnisk norske befolkning har fleire tusen års røter i Nord-Noreg. Meiner Laache at dei framleis er kolonisatorar eller kanskje eit slags framandelement, etter å ha vore der i mange hundre generasjonar? Det lovar i så fall ikkje godt for dagens innvandrarar.

Det er i dag full semje om at fornorskinga medførte mange grove overgrep mot samane. Men det vil ikkje seie at Noreg var/er ei kolonimakt på linje med andre europeiske kolonimakter, som plyndra andre verdsdelar for naturressursane deira, som regel ved hjelp av ei lokalbefolkning som dei gjorde til slavearbeidarar. Å hevde noko slikt blir ikkje berre unyansert, men direkte feil.

Til sist, når det gjeld folks opplevingar med rasisme, så varier det openbert. Nokre seier dei har opplevd rasisme, mens andre seier dei ikkje har opplevd rasisme. Det er heldigvis ikkje slik at alle føler rasisme på kroppen «hver dag», slik Laache meiner.

Så til Lars Gule, som forskar på rasisme og har arbeidd med dette feltet i tiår. Eksperten er heilt einig med meg i at det er blitt mindre rasisme i Noreg, at det knapt finst «ekte» rasistar, og at Noreg er strukturelt antirasistisk. Han synest likevel omgrepsbruken min manglar nokre nyansar. Eg ser Gules poeng, som er framført på ein rasjonell og nøktern måte. Den relativt korte aviskommentaren min kunne hatt eit meir finmaska omgrepsapparat. I kommentaren nyttar eg omgrepa meir slik dei blir brukte i daglegtalen enn i forskinga.

Gule meiner omgrepet «rasediskriminering», som kanskje skjer umedvite, er meir fruktbart enn omgrepet «rasisme» når ein skal gjere greie for etnisk forskjellsbehandling i Noreg. Han skriv: «Nyare rasismeforsking syner oss at vi alle er dominerte av førestillingar om ‘det vanlege’ og ‘det normale’. Slike hegemoniske førestillingar er ikkje berre ei oppfatning av ein empirisk og deskriptiv røyndom, men vert ofte kombinerte med normative standpunkt.»

Dette er sant. Men kva betyr det? Gule skriv at «alle» har førestillingar om kva som er mest normalt og vanleg. Dette er openbert riktig. Alle menneske, same kvar i verda, er sosialiserte inn i ein kultur, ein identitet, eit normativt rammeverk som dei fortolkar verda ut frå, og som formar preferansane deira. Idear om normalitet er ikkje berre vedheng til ein kultur, dei er i ein viss forstand sjølve kulturen. At dei hegemoniske førestillingane varierer mellom kulturar, er jo nettopp det som gjer dei forskjellige.

Det hopar seg raskt opp spørsmål rundt Gules definisjon. Meiner Gule at vi i Noreg bør prøve å bryte ned desse førestillingane om det «vanlege» og «normale», sidan dei kan føre til skepsis overfor andre som ein meiner står utanfor dette fellesskapet? Meiner han at førestillingane om kva som er mest «vanleg» og «normalt», bør erstattast av andre førestillingar om kva som er «vanleg» eller «normalt»? Eller bør vi prøve å oppheve førestillingane om at det finst noko «vanleg» og «normalt»? Er det eit mål å få alle kvite nordmenn til å ha eit slags nøytralt verdsbilde som ikkje er farga av eigen kultur, slik at ein kvittar seg med dei innlærte preferansane? Eller meiner han kanskje at det går an å endre førestillingane om at det finst noko «vanleg» og «normalt» på heilt bestemte og avgrensa område?

Spørsmåla er ikkje ironisk meinte. Eg er oppriktig nysgjerrig på kva tankar Gule eigentleg gjer seg om dette.

For å illustrere kva han meiner, dreg Gule opp ein analogi rundt heterofili og homofili. Han skriv: «Parallellen her er ei hegemonisk førestilling, i hovudsak umedviten, om kvitheit som det normale og difor det rette eller gode.»

Eg er usikker på styrken i denne analogien. For kor ofte er eigentleg dei felles oppfatningane våre om normalitet knytte til hudfarge, på den måten at kvit hudfarge blir oppfatta som betre enn andre hudfargar? Er det ikkje snarare slik at etiske vurderingar nesten alltid er frikopla frå hudfarge? I dagens multikulturelle Noreg er det ei allment utbreidd oppfatning at det er umoralsk å vurdere kvalitetane til menneske ut frå hudfarge. Det er vel denne haldninga som er den normale, vanlege og hegemoniske i Noreg?

Finst det undersøkingar rundt kor vanleg det er i Noreg i dag å sette likskapsteikn mellom eigen kvite hudfarge og det rette og det gode? Det er mogleg vi snakkar litt forbi kvarandre, men eg trur dei aller fleste kvite norske menneske ville blitt forskrekka over ei slik kopling – og avvist ho kategorisk. For meg høyrest slike oppfatningar ut som ganske ordinær rasisme av den typen som ikkje lenger er akseptert.

Men kan det ikkje likevel vere at rasediskrimineringa pågår i oss på det umedvitne planet, slik Gule skriv? Og at folks eigenforståing om at dei er antirasistar, er eit slags falskt medvit. Det kan hende. Men det byr på visse metodeproblem å påvise rasisme/rasediskriminering som finst i folks umedvitne sjeleliv. Det er vel psykologar som sit med kompetansen. Om dei skal vere dei nye rasismeforskarane, illustrerer det poenget mitt om at vi er komne ganske langt.

Sjølv psykologane vil kunne støyte på problem med å avgjere om det er umedviten rasediskriminering eller andre faktorar som ligg bak ein preferanse. Når ein føretrekker noko framfor noko anna, kan det sjølvsagt ha ei lang rekke årsaker som ikkje på nokon måte treng vere knytte til rasisme eller at folk hoppar frå «kvit» til «best». Definisjonen synest svært vag, og i verste fall eigna til å definere rasisme der det er heilt legitime kulturelle preferansar som ligg bak. For sidan fenomenet er universelt, kan det neppe vere noko gale å ha slike preferansar i seg sjølv.

Kanskje vi vil vere tente med å vere mest mogleg konkrete i påpeiking av diskriminering, anten det er snakk om systematiske praksisar eller enkelttilfelle. Begge delar blir jo unisont fordømde, både av rettsvesenet og av folk flest. At det finst forskjellar i Noreg, er ei anna sak. Men forskjellar høyrer ikkje automatisk heime i ei ramme av rasisme/rasediskriminering.

I det fleirkulturelle Noreg er vi blitt systematisk opplærte til å respektere forskjellar. Det gjer vi. Samtidig svevar det rundt ein annan og motstridande premiss, som dreg i motsett retning. Her blir forskjellar framstilte som eit stort problem, som noko den kvite majoritetsbefolkninga nærmast med vald klistrar på andre. I denne versjonen er det som om dei same forskjellane ein skulle respektere, eigentleg ikkje finst, og i alle fall ikkje bør nemnast, men oversjåast. Premissane dreg i kvar si retning.