Wokeisme
Woke som kollektiv rørsle
Den amerikanske maga-rørsla har likskapstrekk med wokismen, meiner Andreas H. Bjercke
Foto: Charlie Neibergall / AP / NTB
Marita Liabø har i Dag og Tid nr. 7 eit interessant intervju med Lars Erik J. Gjerde om boka Wokeisme, men for heilskapen er det viktig å kommentera det ideologiske grunnlaget for wokismen. Dagens wokisme tek utgangspunkt i filosofen Michel Foucault, som mellom anna har påverka den amerikanske feministen Judith Butler. Ho er oppteken av korleis språk og diskursar formar samfunnet, også maktpolitisk. For både Foucault og Butler er språket viktig for dei tankemønstera som dannar maktstrukturane i samfunnet, men dette er først og fremst tankemønstera til majoritetane. Wokismen blir dermed ein ideologi for minoritetar.
Denne innfallsvinkelen gjer det vanskeleg – ja, nærast umogleg – å oppnå objektiv kunnskap om sosiale fenomen. For kunnskap krev etterprøving, men også etterprøvinga vil vera påverka av maktmønstera til majoriteten. Det vil også ytringar. Menns ytringar om til dømes feminisme har liten verdi. For menn er ein del av det patriarkalske makthierarkiet.
Gjerde skriv i boka si at dagens wokisme har likskapstrekk med andre kollektive rørsler. Éi er den kommunistiske klassekampen. Kommunistane rekna at klassekampteorien ikkje kunne overprøvast av det borgarlege samfunnet. For det borgarlege samfunn var prega av dei borgarlege omgrepa og maktstrukturar.
Kommunistane avviste også sakleg debatt og karakteriserte dei som var ueinige i den kommunistiske ideologien, som sinnslidande. Til samanlikning reknar mange som er tilhengjarar av woke, at dei som er usamde med dei, lid av fobiar av ymse slag.
Også den amerikanske maga-rørsla har likskapstrekk med wokismen, som den faktisk ønskjer å få bukt med. Maga-rørsla hevdar at elitane, som består av den etablerte pressa, universiteta og byråkratiet, villeier vanlege menneske, og elitane blir avviste fordi dei er korrupte. Elitane er difor ikkje truverdige. Felles for woke, kommunismen og maga er at rørslene tydelegvis blir rekna som forvaltarar av den einaste sanninga. Dermed har dei også rett til å stigmatisere alle som er usamde. Dette hindrar den kritiske tenkinga som er så viktig for demokratiet. Sjeldan har det vore meir nødvendig at me ikkje avviser denne.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.