Ytringsfridom – også for Dag og Tid-redaktøren?
Dag Hallvard Ystgaard viser (17. februar) til Dag og Tid-redaktøren sitt «betimelige» spørsmål (27. januar) om kvifor Tyrkia er med i Nato, og han grunngjev kvifor spørsmålet er «betimelig».
Så langt må jo alle vera einige med han. At koranbrenning er ytringsfridom i praksis, og difor må vera tillete, er det vel også stor semje om.
Men det er vel òg godt innanfor ytringsfridomen å kritisera denne forma for ytring? Eller er ein på kanten av ytringsfridomen når ein kritiserer, eller går imot, andre sine ytringar, anten det gjeld innhaldet i dei eller måten dei blir framsette på?
For det er det redaktøren gjer i siste Dag og Tid, og det må han ha lov til, i samsvar med ytringsfridomen (Grunnlova). Han har lov å kalla brenninga «idiotisk», og mannen bak ho «ekstremist», har han ikkje? Ystgaard meiner han har «tatt avstand fra selve ytringsfriheten» når han gjer det, for vi må la alle få «brenne sine koraner i fred», altså utan innvendingar, det er å kjempa for ytringsfridomen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.