Førre fredag var det pi-dagen, og samstundes var det fødselsdagen til Albert Einstein. Diverre vart 14. mars også dagen då Dag Solstad gjekk ut av tida. Heretter kjem 3,14 og Einstein til å minne meg om datoen då åndshøvdingen Solstad forlét oss. Plutseleg vart verda litt gråare.
Det var noko unemneleg stort over Dag Solstad, noko forfattarskapen la fundamentet for, men som òg kom til uttrykk i personen han framstod som. I samtalebiografien Uskrevne memoarer av Alf van der Hagen fortel Dag om då han på gymnaset lånte samla verk av Knut Hamsun på biblioteket og tok dei med heim for å binde skolebind kring dei: «Slik så det ut som jeg leste lekser dagen lang. Jeg leste alle 15 bindene i ett sug.» Solstad var ein lømmel, men han var det på den gode måten.
Når me som er glade i skjønnlitteratur, kjem i mål med ei god bok, kan me ofte verte sitjande ei stund og tenkje over boka me nett har lese. I ein slik situasjon er det få forfattarar som like sterkt som Solstad har fått meg til å kjenne på kjensla av at no er eg ein annan. For å få fram ei slik kjensle hos lesarane lyt du vere ein meister. Du var ein meister, Dag Solstad. Ordet er: takk.
Laurits Killingbergtrø skriv: «Takk for ny bokgåte, Medikus. Men denne gongen trøbla eg slik i starten at eg skjemd fann ut at eg kanskje skulle ty til det eg kallar ’juksemetoden’. Da legg ein berre tekstbiten inn på nettet, og vips, så kjem boka fram. Men da eg gjorde det denne gongen, hamna eg i eit nummer av Fædrelandsvennen. Same teksten kom fram, pluss ei tekkeleg dame, truleg forfattaren. Men ikkje namn på korkje dame eller bok. Da vart eg arg på meg sjølv og trampa i golvet: No, Laurits, har du deg tilbake til Medikus med alle dei populære tilvisingane til nobelprisvinnarar. For denne gongen er det også slik at forfattaren vår er fødd i eit år da det var ein nobelprisvinnar som skreiv på spansk. Vel, eg laga eit fint oversyn over årstal med spanskskrivande vinnarar. Så gjekk eg til nettsida Dikt 2021 på Bibsys. Det gode der er at fødselsåret står først for kvar einskild, så da vart leitetida minimal. Kjapt tilslag på Christine Kjellstrøm Melby og boka Ho. Siste lina i siste diktet er ’huda di sleng kring kroppen din’.»
Gunder Runde skriv: «Ukjent dikt, ingenting som eg greier å knyte det til. Då kan eg kanskje prøve meg på Laurits sine snarvegar? Eg går inn på Orio, leitar meg fram gjennom nynorske diktsamlingar frå 2021, jamfører med spanskskrivande nobelprisvinnarar, og stansar til slutt på Octavio Paz frå Mexico (nobelprisen 1990), og tilhøyrande lyrikar Christine Kjellstrøm Melby frå Mandal og diktsamlinga Ho. Eg irriterer meg stundom på BookBites, men denne gongen fekk eg treff, og kunne opne boka og leite meg fram til side 39, og der fann eg det vesle diktet. Takk til Laurits for tipset! Melby har studert sosiologi og religionsvitskap, og Ho er debutsamlinga hennar. Ifølgje forlagsomtalen om boka er dette ’ei samling av sterke dikt som skildrar eit samlivsbrot og ei intens kjærleikssorg’. No har eg lesestoff for resten av sundagen.»
Jan Erik Røed skriv: «Så hyggelig med en debutant.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.