Klok på bok

Gje hans

 

Publisert Sist oppdatert

Denne gongen skulle spalta du les no, eigentleg byrje slik: «Aksel Sandemose hadde ein svunnen draum om å verte den fyrste forfattaren som levde i tre hundreår. Slik skulle det ikkje gå. Aksel var fødd 19. mars 1899, men døydde diverre altfor tidleg til at draumen kunne verte røynd, den 6. august 1965. Ein annan forfattar, som skreiv på nynorsk, oppnådde det Sandemose ikkje fekk oppleve, veit du namnet på denne karen?»

Ja, det var slik eg ville ha starta spalta i dag, om det ikkje var for bladstyraren i Dag og Tid. Førre fredag tok nemleg Gjerdåker innersvingen på meg. I ein liten artikkel om at Henning Sommerro vert ny diktskribent i vekeavisa, avslørte han at det var forfattaren Hans Hyldbakk som levde i tre hundreår. Eg er glad for å få Sommerro som kollega, men eg skuldar deg ein revestrek, Svein.

Når det ikkje vart som det sku, får det vere som det er. Veit du forresten kva det vil seie å gje hans? Ifylgje ordboka tyder det å spandere brennevin på kameratane om bord på fyrste sjøferda ein gjer. Fyrstereisgutar som saknar selskap, kan ta kontakt med oss her i bokstova.

Laurits Killingbergtrø skriv: «Takk for ny bokgåte, Medikus. Denne gongen trekkjer du fram to norske lyrikarar, den eine bak tekstklippet, den andre bak tileggsspørsmålet. For å finne løysinga på gåta i dag gjekk eg frekt til nettsida oria.no med kombinasjonen ‘dikt + nynorsk + 2021’. Der var det så pass få tilslag at eg leitte meg gjennom rekkja til noko som kan lesast heile året. Der vann tittelen Haustsong, ei diktsamling av Hans Sande. Eg fann boka på nærbiblioteket og las gjennom innhaldslista og var slett ikkje overraska da eg fann eit dikt med tittelen ‘Vårsøg’. Det er det mest kjende diktet av Hans Hyldbakk og er også namnet på gruppa som framfører songen, med melodi av Henning Sommerro. Eg set slik pris på typen lyrikk som både Sande og Hyldbakk lagar, frisk og lettskjønleg, og når det også er på nynorsk da. Så får eg berre be sveitsaren Hermann Hesse om orsaking for at eg ikkje trong deg denne gongen, enda du vann nobelprisen i litteratur i 1946.»

Gunder Runde skriv: «Eg har med jamne mellomrom vore innom dikta til Sande, som har gitt meg mykje glede. Dikta er tilsynelatande enkle, men har ofte ein underliggande bodskap. Dagens dikt er henta frå samlinga Haustsong, og diktet heiter ‘Framleis’. Og diktet som har same tittel som eit dikt av Hans Hyldbakk, heiter ‘Vårsøg’, og har element av Halldis Moren Vesaas i seg (‘Det heiter ikkje lenger kyssa dine’). Hans Sande har ein utruleg stor produksjon bak seg, om lag 50 bøker, fordelte på barne/ungdomsbøker, romanar, og ikkje minst dikt. Han er utdanna lækjar innan psykiatri, men frå 1997 har han vore forfattar og kunstnar på heiltid. I tillegg til å skrive bøker er han også biletkunstnar og skulptør, med mange utstillingar bak seg. Han har fleire gonger fått Kulturdepartementets biletbokpris, har fått Blixprisen, Bokhandlarprisen og Noregs Mållags litteraturpris, og har vore nominert til Brageprisen. Ein særs allsidig og spennande kunstnar!»

Reidar M. Bringedal skriv: «Eg lyt gå over til e-bøker dersom det vert fleire av desse gode tipsa.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement