Klok på bok

Helg med elg

Publisert Sist oppdatert

Når du les dette, er boklækjaren i Praha. Kan hende sit eg på stamkneipa til forfattaren Bohumil Hrabal, U Zlatého Tygra, nett no. Kan hende tenkjer eg at når denne plassen var god nok for Václav Havel og Bill Clinton, så kan vel eg òg unne meg nok eit glas med tsjekkisk pilsner. Livet er jo ikkje ei straff.

Det var 11. januar 1994 at Clinton og Havel møttest med Hrabal her, før dei to statsleiarane tok turen vidare til Reduta Jazz Club, som ligg fem minutt unna. Bill hadde tidlegare på dagen fått ein saksofon i gåve frå Václav, og inne på jazzklubben var det tid for å teste instrumentet. Clinton gjekk på scena, og saman med tsjekkiske musikarar som på førehand ikkje visste noko om gjestespelet, framførte han mellom anna «Summertime» av George Gershwin. Der skulle vi ha vøri, Kal.

Det finst irriterande folk som heile tida skal påpeike kor mykje betre alt var før i tida. Når eg samanliknar notida med korleis verda såg ut i Praha i januar 1994, er det freistande å melde seg inn i foreininga.

Så til Nina Korbu som skriv: «Til denne ukas oppgave fant jeg flere norske forfattere som kom ut med bok i 1921. Den eneste kvinnelige av dem, Sigrid Undset, satte jeg på vent, for jeg innbiller meg at hun ikke ville ha skrevet ’graset’. Men forfatteren måtte være død i et år da Nobelprisen i litteratur gikk til en forfatter som skrev på engelsk, så det kunne passe med Sigrid Undset, som døde i 1949, da Nobelprisen gikk til amerikanske William Faulkner. Men Johan Bojer falt ut, for han døde i 1959, da prisen gikk til en italiener. Og Olav Duun kunne det heller ikke være, siden han døde i 1939, det året Nobelprisen gikk til finske Sillanpää. Da sto jeg igjen med Mikkjel Fønhus, som jeg syntes hørtes svært lovende ut – både med skrivemåten av ’graset’ og sitatets begynnelse: ’Liv tar liv.’ Dette kunne vel passe med Mikkjel Fønhus og villmarksromanene hans. Og Fønhus døde i 1973, det året Nobelprisen i litteratur gikk til australske Patrick White. Og det stemte! På side 168 i utgaven av Troll-elgen fra 1921 fant jeg sitatet. Og på den siste siden i romanen fant jeg måneden trollelgen måtte bøte med livet: ’Det var en dag i mai, da våren ligger og trekker veiret nede i de store dalene’. På denne dagen i mai måned måtte både trollelgen Rauten og jegeren kalt Gaupa bøte med livet.»

Inger Anne Hammervoll skriv: «Nesten så ein får gråten i halsen når ein møter igjen dyre- og naturskildringane til Mikkjel Fønhus. Jegeren vi møter i denne forteljinga, gjer også eit sterkt inntrykk, i alle fall på meg. Jegeren og byttet er på ein måte likeverdige, og her er det ikkje tale om troféjakt. At begge døyr, er i grunnen ei logisk avslutning.»

Venke Ivarrud skriv: «Mikkjel Fønhus skreiv om heimbygda mi, og har framleis ei høg stjerne blant folk i bygda. Fønhus kalla dalen for Tusterdalen, som er Susendalen i Hattfjelldal kommune i Nordland. Då han samla materiale til dei to romanane Køia i Tusterdalen og Kampen mot villmarka, sykla han frå Valdres til Susendalen.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement