Tidtrøyte
Hint for hint veke 12
Kva gjenstand?
5 POENG: Denne gjenstanden er knytt til manøvrane som vert noterte 0–0 og 0–0–0. Han flytter seg lenger ved den sistnemnde manøveren.
4 POENG: Gjenstanden heiter rook på engelsk. Han er verd 5 poeng og høyrer til gruppa tunge offiserar.
3 POENG: Dei to manøvrane er høvesvis kort rokade og lang rokade.
2 POENG: Til vanleg flytter han horisontalt eller vertikalt så langt det er plass. Ved starten av spelet er det fire slike gjenstandar på brettet, ein i kvart hjørne.
1 POENG: Dei andre sjakkbrikkene heiter konge, dronning, løpar, springar og bonde.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.