Quiz

Hint for hint veke 4


  

Publisert

Kva yrke?

5 POENG: Hermann Sotkajärvi vert rekna som den dyktigaste norske utøvaren av dette yrket. Han står bokført med rundt 40 stykke sidan 1970-åra. I Norden i dag er det stort sett svenskar og finnar som driv med dette.

4 POENG: Du treng utstyr frå til dømes Mauser eller Tikka. Familien Ursidae er høgst relevant.

3 POENG: Davy Crockett er kan hende den mest kjende utøvaren nokosinne. Me har éin art i Fastlands-Noreg og éin på Svalbard.

2 POENG: Båe artane her til lands har vore totalfreda sidan 1973. Reglane gjev likevel unntak, til dømes for sjølvforsvar.

1 POENG: Utøvarane veit vonleg å ikkje selje skinnet for tidleg.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement