Tidtrøyte

Hint for hint veke 8

Publisert

Kva slags organisme?

5 POENG: Denne typen organisme har namn frå latin for «liten stav». I 1897 oppdaga den danske veterinæren Bernhard Bang arten som vart kalla Bangs (…).

4 POENG: Ordet har vore fellesnemning for alle artane i det aktuelle riket. Særleg dei med stavform. Dagens definisjon er avgrensa til ei slekt. Arten som gjev miltbrann, høyrer til her.

3 POENG: Me er i bakterieriket. Eit døme på eldre ordbruk er at leprabakterien vart kalla lepra(…).

2 POENG: Eit spøkjefullt ord er avleiinga basselusk.

1 POENG: Å få lidenskapleg interesse for noko heiter å verte biten av ein slik.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement