Tidtrøyte
Hint for hint veke 9
Kva gjenstand?
5 POENG: Denne gjenstanden vert laga av artar i klassen Bivalvia. Ein opera med musikk av Georges Bizet skildrar personar som leiter etter slike.
4 POENG: To kjende leitestader har vore Persiabukta (Bahrain) og Mannarbukta (Sri Lanka).
3 POENG: Japan har i lang tid hatt ama, spesialiserte kvinnelege dykkarar. Ein annan japanar, Kokichi Mikimoto, klarte å lage gjenstanden sjølv i 1893 (som førstemann i verda, ifølgje selskapet hans).
2 POENG: Gjenstanden gjev namn til 30 års bryllaupsdag. Han vert nytta i smykke, men er strengt teke ikkje ein edelstein.
1 POENG: Ein lyt ikkje kaste slike for svin, heller ikkje når dei kjem på ei snor.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.