Tidtrøyte

Hint for hint

Gutta cavat lapidem, skreiv Ovid frå eksilet ved Svartehavet. Kva tyder det?

Publisert

Kva i naturen?

5 POENG: Denne gjenstanden på ni bokstavar er berre éi kjemisk sambinding. Han er gutta i det latinske uttrykket gutta cavat lapidem, eit sitat frå Ovid.

4 POENG: Tinn kommune i Telemark har eit kvitt kommunevåpen med fem blå slike som motiv.

3 POENG: Eit kort dikt av Jan Erik Vold handlar om ein slik. Gjenstanden har ein masse på cirka 50 milligram og vert halden saman av overflatehinna.

2 POENG: Han er omkring halvannan trilliard H2O-molekyl som heng saman.

1 POENG: Yr.no har to, tre eller fem slike under ei sky, som symbol for høvesvis lett regn, regn og kraftig regn.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement