Straks går me inn i den stille veka. Ho varar frå palmesøndag til påskeaftan, og når det no skal vere drypande stilt, er det ikkje mykje anna du kan finne på, enn å liste deg opp i godstolen med ei bok. Me vil ikkje tilrå humoristiske bøker i veka som kjem, du kan ikkje sitje og råflire medan resten av familien gjer seg umake med å vere tagale. Heller ikkje ein skummel krimroman høver seg, høge gisp er ein ulyd som vekkjer mishug.
Boklækjaren har påskelektyren parat. I år vil eg nytte stilleveka til å lese ei bok som blei skriven før Putin var påtenkt, nemleg Då Ivan Iljitsj døydde av Lev Tolstoj. Langnovella finst i den framifrå klassikarserien til Skald forlag og er omsett av Geir Pollen.
Her i bokstova vil me ynskje alle lesarane ei praktfull påske med ei påminning: Det finst ikkje ein skiheis i verda som kan lyfte deg like høgt som ei god bok kan.
Reidar M. Bringedal skriv: «Klok på bok 1669 har et tekstutdrag på fire liner som ei rettesnor for oppgåveløysinga. Utdraget inneheld ordet ’fus’ som eg meinte eg aldri hadde høyrt før. Eg let alle ordbøkene stå i fred i bokhylla og vende meg til Nasjonalbiblioteket. Svar fekk eg rett fort, og då tenkte eg at no driv boklækjaren med litt språkrøkt. Ordet ’fus’ finn ein, mellom fleire andre, i boka Utrydningstruede ord. Forfattaren av boka skriv til innleiing: ’Ord blir borte for meg. Nei, det har ikke med alder å gjøre. De bare forsvinner. Jeg hører dem ikke lenge. Bruker dem ikke selv heller. Jeg tyr til lettvinte løsninger, språkets dop, bannord, for eksempel, selv når det strengt tatt ikke er påkrevd… Jeg trenger flere ord, nå!’ Ho som søkjer hjelp er Astrid Skår, som skreiv boka og gav ho ut på Messel Forlag AS, Oslo i 2004. Som referanse til nyare bruk av ordet ’fus’ tek ho med dei fire linene som står i vårt tekstutdrag, og seier at slik brukar Tove Nilsen ’fus’ i boka som heiter Skyskraperengler (1982). For meg står det likevel ikkje heilt klårt kva ordet konkret tyder, slik det står i tekstutdraget. Eg tyr til Skår, som skriv at ordet ’er eit substantiv som stort sett bare brukes i forbindelse med lek: å være fus, vil si å være førstemann’. Men dette vart det ikkje spurt noko om, derimot om ein italienar som var nemndi boka til Nilsen, og det må vera Alberto Moravia som er ein ’forfattar frå Italia’. Eg set sjølvsagt pris på Tove Nilsen, ved høve skal eg nok lesa boka hennar. Men eg sette kanskje større pris på å få eit vink om ordet ’fus’, dimed skal eg snarast få tak i boka til Astrid Skår, for eg òg ’treng fleire ord’.»
John Olav Johnsen skriv: «En klassiker!»
Denne gongen etterlyste me namnet på ein italiensk forfattar som er nemnd i løysingsverket. Såleis var det fritt val mellom Alberto Moravia og Giovanni Boccaccio, men me har sjølvsagt godkjent svar som tok med båe.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.