Klok på bok

Kafka i elva



  

Publisert Sist oppdatert

Ja da, masa. Etter at eg førre veka kom til å gje Dag Solstad velfortent hyllest for å vere Dag Solstad, var det fleire innsendarar som sakna titlar på bøker av forfattaren. Sjølvsagt har eg favorittbøker av Solstad, og eg er ikkje eit kattedyr, så kvifor gå rundt den varme grauten?

Boklækjaren har desse tre favorittane frå forfattarskapen til Solstad: Genanse og verdighet, Professor Andersens natt og Roman 1987. Av og til gjer det vondt å velje, men denne gongen vart det slik. I morgon kan det vere annleis, men uansett kva dag det er, står Dag i skyhøg kurs på noteringane her i bokstova.

Laurits Killingbergtrø skriv: «Takk for ny bokgåte, Medikus. Trass i fleire tips hadde eg også denne gongen litt strevsam leiting. Eg hadde nobelprislista mi for handa og gjekk så over til søk på oria.no, der eg la inn kombinasjonen ‘noveller 2025’. Eg vart særskilt nyfiken alt på det femte tilslaget, boka Mens det ennå er for sent av Tomas Espedal, fødd 1961, same året som jugoslaven Ivo Andric vann nobelprisen. Men novellesamlinga av Espedal hadde sjølvsagt ikkje eg i hylla mi, og ikkje var ho å få lånt på næraste Deichman. Ja vel, i det fine vêret rusla eg bort til kjenningane mine på Norli bokhandel i nærleiken og kjøpte boka. No har eg kosa meg med henne og hatt eit vake auga på gode symjarar. På side 61 er det ein som heiter Asger som ’løp ut i det kalde vannet, kastet seg frem i sjøen og svømte’. Var svaret funne? Men eg las den fengjande boka vidare, og på side 107 står det nærmast som ein fasit ’Franz Kafka var en god svømmer’. Og tsjekkar så god som nokon. Sjølv om han skreiv litt for vanskeleg for meg da eg skulle leggje opp bøkene hans til eksamen.»

Reidar M. Bringedal skriv: «Ikkje visste eg at Franz Kafka var slik ein glup symjar. Men dersom lekamen var på skap slik som her står, så kom han nok på jobb til rett tid: ’Franz Kafka var en god svømmer. Lang, slank kropp, store føtter, brede hender, et vakkert ansikt. Han var godt likt av kvinner. Han gjorde svømmetak med armene når han gikk gjennom byen. Så klatret han opp til det nederste murtrinnet på Karlsbroen og ville kaste seg i elven. Han kledde ikke av seg. Han fløy litt i luften, ikke en spurv, men heller en kråke. Han kunne være flere minutter under vann. Lot seg føre med strømmen i Vltava og forsvant av syne. Noen gispet etter luft, noen gråt. Men så dukket han opp i den strie strømmen. Han svømte med klærne på. Han lignet en forretningsmann som holdt på å drukne, og slik var det. Han var på vei til jobb.’ Eg ser fram til lesing av denne boka. Dette vert nok mi påskebok.»

Inger Merete, Kirsti og Grete skriv: «Ikkje lett å finne boka på biblioteket denne gongen, så vi måtte smuglese i bokhandelen. Det enda med at ei av oss kjøpte boka – og vi konkluderte med at det er kostbart å abonnere på Dag og Tid. Det er ikkje fyrste gongen Klok på bok-oppgåva har inspirert oss til bokkjøp.»

Gunder Runde skriv: «Ei oppleving å lese Espedal!»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement