Tidtrøyte

Klok på bok veke 5

Førre veka døydde kunstmålaren Håkon Ingvald Bleken. Han vart 96 år og frå tida mi i Trondheim, hugsar eg at han var ein kunstnar me skulle ha ei meining om. Der, i det nordafjelske, var Håkon Bleken rett og slett ei kjensgjerning det ikkje var mogleg å kome utanom.

Når Klok-redaksjonen no vil sende ein siste takk til den store biletkunstnaren, er det ikkje minst av di det litterære spela ei så stor rolle i produksjonen til Bleken. Diverre tillèt ikkje plassen her i bokhjørnet å nemne alle, men eit utplukk av forfattarar som han Håkon brukte som inspirasjon i kunsten sin, kunne vere: Franz Kafka, Dylan Thomas, Thomas Mann, Heinrich von Kleist, Henrik Ibsen, Herman Melville, Oscar Wilde, Knut Hamsun og Kjartan Fløgstad.

Som du og eg, var polemikaren Håkon Bleken glad i å få siste ordet. I dag får han det, med denne seiinga: «Det er vanskeleg å måle, særleg når ein kan det.»

Så til Johanne Utistog, som skriv: «Denne veka forstod eg umiddelbart kva for ei bok sitatet var henta frå, nemleg Til fyret i Brit Bildøens nye nynorske omsetjing av Virgina Woolfs roman To the Lighthouse. Som abonnent på klassikarserien til Skald forlag er eg så heldig å få slike nye nynorskomsetjingar av gamle klassikarar dumpende ned i postkassa mi tre gonger kvart år, og denne boka er nok ein av mine favorittar så langt. Dei som til slutt faktisk kom fram til fyret var herr Ramsey, sonen James og dottera Cam. Takk for ei inspirerande spalte, eg gler meg alltid til neste oppgåve!»

Reidar M. Bringedal skriv: «Denne gongen fekk eg einast eitt treff på kombinasjonen 1927 og 2021. Det var sjølvsagt ein gamal kjenning; Virginia Woolf og hennar bok om feriereisa til øya Skye. Ei reise som kom i gong etter mange utsetjingar. Dette handlar om familien Ramsay. Det er ei stor gruppe: herr og fru Ramsay og 8 søner og døtre. Til liks med herr Ramsay er eg litt i tvil om rekkefylgja på desse ungane. Det er vel sagt i boka at Cam er yngste søster. Det kan tenkjast at James er yngste son, og at desse to er dei yngste av ungane. Det kan vel og høva med det fru Ramsay seier at ho skulle gjerne sett at desse to ikkje vaks seg vaksne. Ho ville ha dei som små englebarn heile livet. To av dei eldre døyr i kapitel 6: Prue i barsel og Andrew då ein granat eksploderer og tek livet av han. Fru Ramsay døyr og ho kjem ikkje fram til fyret. Det gjer heller ikkje Nancy, Roger, Rose og Jasper. Dei som kjem fram er herr Ramsay, James og Cam. Den første utgåva på norsk var omsett av Peter Magnus og hadde tittelen De drog til fyret. Den kom i fleire utgåver. Deretter vart boka omsett av Merete Alfsen på 1990-talet, den kom òg i mange utgåver. I 2021 gjorde Brit Bildøen eit storverk og omsette boka til nynorsk. Det er denne utgåva det vert vist til i Klok på bok 1659. Takk for dette tipset om å lesa boka på nynorsk.»

Desse klokingane såg lyset på oppgåve 1659: John Olav Johnsen, Paul Henrik Hage, Signar Myrvang, Eli Winjum, Tine Dahl, Ingebjørg Sogge, Skeisebibliotekaren i LASK, Arnfrid Vågslid Skjæveland, Vigdis Hegna Myrvang, Jorunn Øxnevad Lie, Inger Anne Hamervoll, Ragnhild Eggen, Reidar M. Bringedal, Ole Husby, Nils Farstad, Eli Hegna, Brith Stensen, John Dag Hutchison, Cathrine Mortensen, Jan Petter Skrede, Gunder Runde, Tone Styrmoe, Inger Merete, Kirsti og Grete, Anja Tveitan, Sissel Gunnarshaug, Olav Holten, Fritjof Lampe, Viggo Østebø, Gerd Tveiten, Ingerid Skarstein, Harald Gjørtz, Folke Kjelleberg, Vera Andersen, Audun Gjengedal, Per Trygve Karstensen, Bent Arne Sæther, Irene og Tore på Tranby, Gro Hartveit, Magnhild Reisæter, Laurits Killingbergtrø, Olav B. Larsen, Christopher Messelt, Gunnar Eide, Arve Kjøstvedt, Gunnar Bæra, Reidar Birkeland, Inger Margrethe Berge, Geir Instanes, Marta Kløve Juuhl, Dei kvasse på Fana, Kjell Helge Moe, Gunnlaug og Tor Inge på Gullhaugen, Kristine Fluge, Solrun Haukedalen, Robert Øfsti, Eirik Holten, Sigrun Gjengedal Ruud, Jorunn Kleppe, Johanne Utistog og Ole G. Evensen. Denne veka heiter bokvinnaren Harald Gjørtz, som med god hjelp av Anne-Marthe i Norli på Ålesund Storsenter løyste oppgåva. Gratulerer!

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement