Klok på bok

Pi-dagen

Publisert

I dag vert det vaksenopplæring her i bokhjørnet. Fyrst skal me sjå på eit sitat som går slik: «Ein kveld der alle er samde, er ein bortkasta kveld.» Kven var det som rekna seg fram til dette? Du skal få eit lite hint: Han har fødselsdag i dag, altså 14. mars. Men det vert nok ikkje kake på karen.

Innan me avslører bursdagsbarn nummer éin, går me irrasjonelt til verks for å fortelje om nok ein storleik som har dag i dag, nemleg den matematiske konstanten pi. Veit du forresten kvifor talet 3,14 har gjeve namn til nett dagens dato? Sjølvsagt veit du det, det kjem av den amerikanske måten å skrive datering på, mm-dd: 3.14.

Når me no kan røpe at Albert Einstein ville vorte 146 år om han hadde fått leve til i dag, trur me lesarane vil framstå som flogvit, om fysikaren vert tema i selskapslivet i framtida. Bruk det til du skjemmest.

Gunder Runde skriv: «Eg byrja med ei saumfaring av lista med nordiske nobelprisvinnarar – hoppa over Bjørnson 1903, og starta med Selma Lagerlöf 1909. Og allereie der fann eg ein høveleg kandidat, nemleg Martin A. Hansen (1909–55), og hans roman frå 1950, Løgneren. Denne boka står heldigvis i dansk-hylla mi, på originalspråket. Og etter litt blading fann eg Klok på bok-sitatet, på s. 56. Og då får eg opne med tilleggsspørsmålet, ei gift kvinne (altså ikkje Annemari, som ’berre’ er forlova). Kvinna som vi leitar etter, heiter Rigmor, og er gift med Frederik på Næs (pedanten som leitar fortvilt etter 3 øre i ein rekneskap som han har ansvar for). Løgneren er ei medrivande bok som det var kjekt å lese opp att etter så mange år (60?). Ho handlar om den noko alkoholavhengige læraren på den isolerte øya ’Sandø’ og eit rikt persongalleri frå øya. Lukasevangeliet står sentralt i boka (’et hus som er splidagtigt med sig selv, falder... det hele er en valplads hvor to magter slås’). Dette er nok Hansens viktigaste bok, sjølv om han skreiv fleire romanar og novellesamlingar – eg hugsar spesielt novellesamlingane Tornebusken (1946) og Agerhønen (1947) (eg hadde eit Hansen-rush i ungdomen). Etiske og religiøse problemstillingar står sentralt i Hansens dikting. No er han kanskje meir eller mindre gløymd. Takk for to gode døme frå dansk boksoge!»

Reidar M. Bringedal skriv: «Denne gongen skal vi fram til den danske forfattaren Martin Alfred Hansen og boka hans, Løgneren. Det er ei fantastisk bok litteraturlækjaren har gjeve oss innsyn i. Danske kritikarar har løfta opp verket til ’en af de bedste romaner, der nogensinde er skrevet på dansk’. Boka passar ikkje inn i nokon isme-bås, eller, like gjerne, inn i dei fleste. Her er tankar om tru og tvil, ikkje minst er det ei bok om skuld og ansvar. Ansvaret går nok på det du fremjar av ord i skrift og tale. Ord som kan gjera uboteleg skade, kan òg enda fatalt, for medmenneska. Boka set meg attende til 50-åra då ein kunne finna stor kjærleik på trykk som ikkje nett trong vera så fysisk. Det er som ein les Robert Burns sukka til gifte Agnes Maclehouse: ’Ae fond kiss, and then we sever; Ae fareweel, and then for ever!’»

Tiril Bonnevie skriv: «En fascinerende roman.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement