Tidtrøyte

Quiz veke 11

David A. Tørre
Hint for hint
quiz
Publisert
Loading...

1. Kva skikonge, attpåtil frå Trondheim, vann seks av seks gull i ski-VM i 2025?

2. Årets ski-VM vart debut for parautøvarar. Øvinga var paralangrennssprint i tre klassar: ståande, sitjande og…

3. I kva H.C. Andersen-eventyr er dei to «tittelaktørane» skilde av tjue madrassar og tjue ærdunsdyner?

4. Kva seksbokstavsforkorting har FNs barnefond?

5. Kva kjenneteiknar ein planet som er ekstrasolar? Over 5000 stykke er oppdaga så langt.

6. Kva for eit land vann Eurovision sist i 1983 med Corinne Hermès? Ho song «Si la vie est cadeau».

7. Kringkastingsprisen heidrar godt språk på nynorsk eller dialekt i radio og fjernsyn. Kva NRK-profil frå Vinje vann i 2009?

8. Tysklands største flyselskap er òg eit av verdas største. Kva er namnet?

9. Er det Bartimeus eller Bartolomeus som var ein av dei tolv disiplane til Jesus?

10. Kva heiter filmen som vann Gullpalmen i 2024 og Oscar for beste film i 2025? Me følgjer ein sexarbeidar som vert kjærast med ein russisk oligarkson.

11. Kor mange tær har ein struts på kvar fot? Ingen andre fuglar har dette.

12. Kva ville ein antikk grekar gjere med til dømes ein kantharos, ein kylix eller ein skyfos, men ikkje med ein amfora?

13. Eit heiltal større enn 1 er anten eit samansett tal eller kva annan type tal?

14. Coca-Cola kom sju år før Brad’s Drink, det som no heiter Pepsi. Sei eit år i dette tidsrommet.

15. Kva innsjø var Noregs største fram til 1645? Han er på nesten 500 kvadratkilometer.

16. Kva for eit land stod bak den særs bestialske Nanjing-massakren rundt årsskiftet 1937–38? Somme estimat er på over 300.000 dødsoffer.

17. Kva for ein av Noregs fem nasjonale minoritetar har nasjonaldag 16. mars?

18. Kva for eit ord på g viser til kasseforma, steinfylte ståltrådkorger brukte som støttemur? I Noreg sikrar dei mange vegar. Ordet kjem frå italiensk for «stort bur».

19. Trommeskinnet på ein djembe kjem som regel frå kva for eit husdyr?

20. Sett frå Cuba ligg Jamaica i kva av dei fire himmelretningane?

21. Kven vert spelt av Anneke von der Lippe i ein ny TV-serie om ei lang ventetid (1959–1968)? Personen opplevde òg ved ulike høve å miste yngstesonen, ektemannen og eldstedottera.

Svar på spørsmåla:

1. Johannes Høsflot Klæbo

2. Synshemma (Me godtek blind. Deltakarane går med følgjesperson.)

3. «Prinsessen på erten»

4. Unicef

5. Han er ikkje i solsystemet (Med andre ord: Han går i bane rundt ei anna stjerne enn sola.)

6. Luxembourg

7. Yasmin Syed

8. Lufthansa

9. Bartolomeus

10. Anora

11. To

12. Drikke av dei (Amforaen var derimot for å oppbevare til dømes drikke.)

13. Primtal

14. Eit år i tidsrommet 1886–1893

15. Storsjön (Årsaka er freden i Brömsebro i 1645. Då avstod Danmark-Noreg dei norske landskapa Jemtland og Herjedalen til Sverige. Storsjön ligg i Jemtland. Sverige fekk òg øyane Ösel og Gotland, som var danske.)

16. Japan

17. Kvenar (også kalla norskfinnar)

18. Gabionar

19. Geit

20. Sør

21. Dagny Haraldsen (Serien heiter Harald og Sonja.)

0–4 rette: Bur på ein ekstrasolar planet

5–9 rette: Treng støttemur dann og vann

10–14 rette: Hevdar seg både ståande og sitjande

15–19 rette: La vie est un cadeau

20–21 rette: Gull i kvar einaste øving