Tidtrøyte
Quiz veke 12

1. Skihopping har lenge slite med manipulering av dressar. Dette har kome fram i lyset etter eit videoopptak der Noreg nyttar kva slags maskin?
2. Tittelkarakteren i Holberg-komedien Erasmus Montanus har latinisert namnet sitt. Kva heiter han eigentleg?
3. Har dei fleste kvinner i veke 10 av svangerskapet gravidmage?
4. Kva bygning i Oslo er Anne Grimdalen kjend for å ha utsmykka, mellom anna med ryttarstatuen av Harald Hardråde høgt oppe på vestveggen?
5. Kor lang er kvar vedkubbe i ein famn dersom stabelen er 2 meter høg og 2 meter brei?
6. Michael Haneke har vore ein av Europas viktigaste filmskaparar sidan 1990-åra. Kva er heimlandet hans?
7. Kva hovudgrein i filosofien har tradisjonelt vorte inndelt i induksjon og deduksjon?
8. Kva nordleg kystprovins i Nederland er Leeuwarden hovudstad i? Også Heerenveen ligg her.
9. Kva er tilnamnet til Edvard Griegs einaste symfoni?
10. Kva stort kattedyr har dusk på halen?
11. Kva for eit forlag vart starta i 1892 av ein Johan Martin? Det var familieeigd i over hundre år og ligg no under Kagge.
12. Futomaki er tjukkare enn vanleg makisushi. Kva heiter den tilsvarande tynne varianten? Han har tradisjonelt berre éin ingrediens i midten av rullen.
13. Kva androgyn glamrockfigur slo David Bowie stort gjennom med i 1972?
14. Kva amerikansk sekkeprodusent har ein fiskeørn i logoen og eit engelsk namn som tyder nett «fiskeørn»?
15. Hedda Berntsen, årets vinnar av Mesternes mester, har briljert i alpint, døds, freestyle, frikøyring, telemarkskøyring og wakeboard. Kva for ein av sportane har ho OL-medalje i?
16. Kva stor hending i Den katolske kyrkja varte frå 1869 til 1870? Det viktigaste vedtaket var dogmet om den ufeilbare paven.
17. Kva er fellesomgrepet for apparat som gjev elektrisk ladde partiklar stor fart? Dei er vanlege i kjernefysisk forsking med meir.
18. Den siste faraoen ein har funne grava til, er Thutmosis 2., oppdaga i 2022 og identifisert i 2025. Kva farao er det førre tilfellet?
19. I kva for eit fylke er Numedal og Hallingdal dei to store dalføra?
20. Under ein brudulje i Dag og Tid i 1966 måtte redaktør Ivar Eskeland og redaksjonssekretær Bjørn Hervik takke av. Kven eller kva hadde Hervik skrive «nekrolog» om?
21. Artikkel 5 hos Nato har berre vorte utløyst éin gong. Kva dato og år var det?