Tidtrøyte
Quiz veke 15

I mars fekk me ny verdsrekord i skiflyging både på kvinnesida og på herresida. Kva er mest oppsiktsvekkjande med dei to utøvarane?
2. Narkissos i gresk mytologi gjekk til grunne, oppslukt av kva for eit bilete?
3. Kva heiter vederlaget som er 3000 kroner for personbilar og 500 for motorsyklar?
4. I kva barnesong og folkevise opnar ei av strofene med linja «Og om eg vert gammal som skorpe på graut»?
5. Kva farge har hovudet og halsen på ei vaksen canadagås, bortsett frå «hakereima»?
6. Ein hovudmotivasjon bak stiftinga av SF og arvtakaren SV var å få Noreg ut av kva organisasjon?
7. Det høge bakverket spettekaka er mest ein spesialitet i kva svensk landskap?
8. Dei fem amerikanske rapparane Lil Peep, XXXTentacion, Mac Miller, Juice Wrld og Pop Smoke døydde i åra 2017–2020. Alle var fødde i kva for eit tiår?
9. Kva for eit ord kan me definere slik: «materiale med metalliske eigenskapar, sett saman av to eller fleire grunnstoff, der minst eitt er eit metall»?
10. Det har nyss kome ein ny kriminalserie om Bergerac. Han bur stadig på kva øy?
11. Historiske kjendiser er namnet på ein podkast på NRK. Kven på 1500-talet vert oppsummert slik i ein episode: «den katolske superdronninga som hadde tre kongedøme innan rekkjevidde, men som med uheldig timing, dårleg impulskontroll og katastrofale partnarval dundra gjennom livet rett mot sin eigen avgrunn»?
12. Kva nasjonalpark er den største i Fastlands-Noreg?
13. Kva sjakktittel oppnådde Simen Agdestein i 1985, som første nordmann?
14. Kva viktig stad i påskeforteljinga har eit namn som tyder «hovudskallestaden»?
15. Kor mange medlemsland har Den arabiske ligaen: 11, 22 eller 33?
16. I kva kunsthistorisk periode er Albrecht Dürer det største tyske namnet?
17. Relasjonen mellom dei franske forfattarane Paul Verlaine og Arthur Rimbaud fekk ein brå slutt 10. juli 1873. Kva skjedde (kven gjorde kva mot kven)?
18. Kva for ei Jannicke vart i 2025 den andre nordmannen i verdsrommet? Ho var fartøysjef på den kommersielle romferda Fram2.
19. Ligg Beijing på nordsida eller sørsida av Den kinesiske muren?
Kva norsk statsføretak er Europas største leverandør av fornybar energi?
21. Påskeøya høyrer til Chile. Kva anna stillehavsøy ligg derimot sør i provinsen Penama i Vanuatu?
Feil del av Messias
Sist veke var spørsmål 7: Kva for eit verk sluttar med det vidgjetne «Hallelujakoret»? Det rette er: I kva for eit verk sluttar del 2 med det vidgjetne «Hallelujakoret»? Quizmeisteren orsakar. Takk til dykk som melde frå! Først inn i innboksen var Håvard Altern, mangeårig kormedlem. Han har sunge alle tre delane av Messias.
Svar på neste side