Quiz

Quiz veke 4

David A. Tørre
Hint for hint
quiz
Publisert
Loading...

1. Noreg har fått sin første europameister i allround hurtigløp på skøyter sidan Johann Olav Koss. Kva heiter vinnaren? Attpåtil gjekk sølvet til Peder Kongshaug.

2. Gullvinnaren kjem frå Skreia i kva kommune? Namnet er to ord, mellom anna eit distrikt, og er alfabetisk nummer 344 av 357.

3. Koss vann EM det året Warszawapakta og Sovjetunionen vart oppløyste. Kva oddetalsår?

4. Kva heiter nivået mellom bispedøme og sokn i Den norske kyrkja?

5. Kvar i kroppen sit knoklane hammaren, ambolten og stigbøyelen? Me skal ha eit spesifikt svar på m.

6. Kven fekk Nobels fredspris for «den ikkje-valdelege kampen sin for borgarrettar for den afroamerikanske befolkninga»?

7. I kva mytologi møter me Shu og Tefnut? Dei to søskena er foreldre til jordguden Geb og himmelgudinna Nut.

8. Her er ein vanleg dekkdimensjon på personbilar: 205/55 R16. Kor stor er hjuldiameteren her, altså diameteren til felgen? Svar med tal og måleining.

9. Kva er den norske versjonen av voggevisa «Twinkle, Twinkle, Little Star»?

10. Kva isme har namn etter ein fransk soldat – truleg fiktiv – på Napoleons tid? Denne ismen handlar om å ha for høge tankar om ei gruppe ein sjølv høyrer til.

11. Kva tittel har personen som er statsoverhovud på New Zealand?

12. Kva er det mest oppsiktsvekkjande med kvinna på måleriet «Skumring» (1981) av Odd Nerdrum? Biletet vart refusert av Haustutstillinga.

13. Kva har lengst nåler av furu og gran?

14. Kva kjend norsk forfattar skal me fram til her? Fødd i Kristiania i 1880. Voks opp der og i Tromsø. Gifta seg i Paris med skulptøren Anders Jönsson. Budde lenge i Stockholm og Uppsala, der ho døydde i 1974.

15. Eggjasteinen, Einangsteinen, Kannesteinen, Kulisteinen, Tunesteinen. Kva for ein av desse er ikkje ein runestein?

16. Kva heiter hovudstaden i India?

17. Han har vore ein leiande karakterskodespelar i amerikansk film sidan 1980-åra. Seks døme på roller er Vietnamkrig-soldat, vampyr, Spiderman-skurk, Jesus, Vincent van Gogh og Pier Paolo Pasolini. Kven (fødd i 1955) er det?

18. Gari, som er vanleg å servere til sushi, er tynne skiver med sylta… kva?

19. Kva for eit land vart til som stat på 1200-talet under Mindaugas, den første og einaste kongen? Alt på 1300-talet vart landet ei stormakt under storhertug Gediminas.

20. Kva for eit rockeband frå Birmingham, kjend for fleire atypiske instrument, vert ofte forkorta til ELO?

21. Karen Kyllesø frå Hjelmeland vart nyss den yngste nokosinne til å gjere kva bragd åleine? 21-åringen brukte snautt to månader.







Svar på spørsmåla:

1. Sander Eitrem

2. Østre Toten

3. 1991

4. Prosti

5. Mellomøyret (Me godtek midtøyret.)

6. Martin Luther King jr.

7. Egyptisk mytologi

8. 16 tommar (inches)

9. «Blinke, blinke, Stjernelill»

10. Sjåvinisme (etter Nicolas Chauvin)

11. Konge (Det er den britiske monarken, kong Charles 3.)

12. Ho skit

13. Furu

14. Cora Sandel

15. Kannesteinen (Steinen på Vågsøy har særmerkt form etter fleire tusen år ved havet.)

16. New Delhi

17. Willem Dafoe

18. Ingefær

19. Litauen

20. Electric Light Orchestra

21. Gå til Sydpolen

0–4 rette: Refusert

5–9 rette: Snart tid for voggevise

10–14 rette: God allroundløpar

15–19 rette: Ei bragd å gjere åleine

20–21 rette: Gjer landet til ei stormakt

Vurdering

0–4 rette: Refusert

5–9 rette: Snart tid for voggevise

10–14 rette: God allroundløpar

15–19 rette: Ei bragd å gjere åleine

20–21 rette: Gjer landet til ei stormakt