Tidtrøyte
Quiz
Kor stø er du i rogalandske kraftuttrykk?

1. Kva øy ligg nesten 2000 km frå Antarktika, 3000 km frå Afrika og 5000 km frå Sør-Amerika? Ho er norsk biland.
2. Kva heiter mjøl som er male av heile kornet, til forskjell frå sikta mjøl?
3. Set inn rett ord: Våpenkvileavtalen mellom Israel og Hamas inneber mellom anna å frigjere israelske (…) i byte mot palestinske fangar.
4. I kva hovudstad ligg Rijksmuseum? Her heng til dømes «Nattevakta» av Rembrandt.
5. Phillips-kurva måler inflasjon på y-aksen. Kva annan variabel måler x-aksen? Ifølgje kurva er det eit omvendt forhold – når inflasjonen minkar, aukar fasitsvaret.
6. Kva aktivitet kan du gjere frå ulike vinklar med ein gjærkasse?
7. Kva himmellekam var det Edmond Halley såg i 1682 og fekk oppkalla etter seg?
8. Kva for ei Kristine fekk Arne Nordheims komponistpris i 2020 og Edvard-prisen i 2024? I år har ho vorte den første norske vinnaren av Ernst von Siemens’ komponistpris.
9. Stokk om anagrammet «taklista!». Det skal verte eit kraftuttrykk hos mange siddisar. Ordet kjem av etternamnet til ein upopulær lokal politimeister.
10. Kva for eit organ byggjer opp slimhinna der det ytste laget vanlegvis endar sine dagar som menstruasjon?
11. Riksforsamlinga på Eidsvoll hadde ein president, ein visepresident og ein sekretær. Knyt rett rolle til personane Christie, Falsen og Krohg.
12. Kva heiter Stevie Wonder-songen som titulerer og hyllar Duke Ellington?
13. Kva vert rekna som hovudverket i bysantinsk arkitektur, oppført på 500-talet under keisar Justinian 1.?
14. Kva skeiseløpar vart førstemann under 12.30 på 10.000 meter? Ingen andre verdsrekordhaldarar på distansen har vore frå same land som han.
15. Også på friidrettsbana er 10.000 meter kor mange rundar?
16. Julius Paltiel, Leo Eitinger og Samuel Steinmann er kjende norske holocaust-overlevande. Dei var omkring to år i kva konsentrasjonsleir?
17. Dei klassiske kjærleiksromanane Jane Eyre og Stormfulle høgder vart utgjevne same året. Kva år som sluttar på 7?
18. Kva Hollywood-stjerne vart fødd i Stockholm i 1905 som Greta Lovisa Gustafsson?
19. Kva type veksestad finst i mange norske plantenamn, til dømes framfor -arve, -kjeks, -rug, -stjerne og -vindel? Alle fem artane lever opp til namnet.
20. I kva for eit land ligg punkta lengst vest og sørvest på det europeiske kontinentet? Dei heiter Cabo da Roca og Cabo de São Vicente.
21. Kva for eit ord skal inn her, i Efesarbrevet 2,8: «For av (…) er de frelste, ved tru. Det er ikkje dykkar eige verk, det er Guds gåve.»