Reportasje

Heimi í Húsi

Nokre av oss lengtar som villfarne trekkfuglar etter vêrbitne vulkanøyar langt ute i Nord-Atlanteren. Vi er kanskje det nye Nato.

  

Skardsáfossur og Gásadalur på Vidoy.
Publisert Sist oppdatert

Om eg kunne tenke meg å besøke den færøyske litteraturfestivalen? Å vere i fem–seks dagar på eit spahotell med utsikt over Tórshavn, med litteraturkveldar leverte av færøyske, islandske, svenske, danske og skotske forfattarar? Der dei nok kunne sponse leigebil?

Eg freista ikkje akkurat å gjere meg kostbar. Eg kunne betalt for å vere med, men her skulle eg i staden få honorar. Noko rett må eg ha gjort i livet.


I

Fire månadar seinare landar eg på Vágar lufthamn. Leigebilen står på parkeringa utanfor, bilen er open, og nøklane ligg i hanskerommet, som avtalt. Så er det berre å køyre ut i dei store landskapa, forma av vulkanar, istid og erosjon. Fjella ligg lagvis etter ulike fasar av vulkansk aktivitet, det er basalt, alt saman. Sauene gneg ned alle spirer av små busker som trudde dei skulle bli tre, mens skiten gir næring til graset som er grønt mesteparten av året. Isbrear har grave ut fjordane og sunda mellom øyane. Under fjordane har entreprenørselskap grave ut tunellar som bind øyane saman.

Eg er glad og nøgd over å vere her, men etter kort tid kjem det snikande ei kjensle av at noko skurrar. Etter å ha kjent litt på dette skjøner eg kva det er. Det er ikkje til å komme unna. Eg har vore passiv tilskodar til for mange bilreklamar, spesielt mellom omgangane i fotballkampar. Å køyre rundt på Færøyane gir ei kjensle av at eg no er med i ein desse bilreklamane.

Bilane no til dags liknar mykje på kvarandre, nesten same kva merke og kva dei kostar. Dei har mista personlegdommen. Dermed dreg alle til Færøyane, Island, Vestlandet, Nord-Noreg, Hebridane eller vestkysten av Irland for å lage reklame. Dette er vakre plassar, men dei liknar jo også på kvarandre. Og når alle dreg dit, er ein like langt. Så no køyrer eg altså rundt på Færøyane, med eit seinkapitalistisk medvit, og høyrer dei mørke mannsstemmene frå bilreklamane i hovudet. Dei driv med tomsnakk som knapt gir noka meining, dei er meir enn litt irriterande, desse stemmene i hovudet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement