🎧 Reiser gjerde mot svina på skogen
Brandenburg: Gjerde reiser seg mellom statane i Europa. Jegerar får utvida fullmakter. Dei har eitt mål i sikte: villsvina.
Eit halvannan meter høgt gjerde er reist frå kyst til kyst langs den dansk-tyske grensa for å halde villsvin ute av Danmark. Her reiser ein bygningsarbeidar siste del av gjerdet den 2. desember i fjor. Det er alt i alt 27.200 stolpar i gjerdet.
Foto: EPA / NTB Scanpix / Claus Fisker
Eit halvannan meter høgt gjerde er reist frå kyst til kyst langs den dansk-tyske grensa for å halde villsvin ute av Danmark. Her reiser ein bygningsarbeidar siste del av gjerdet den 2. desember i fjor. Det er alt i alt 27.200 stolpar i gjerdet.
Foto: EPA / NTB Scanpix / Claus Fisker
Lytt til artikkelen:
Dyrehelse
christianejla@gmail.com
I februar stod det ferdig: eit sju mil langt stålgjerde som strekkjer seg langs grensa mellom Danmark og Tyskland. Gjerdet ragar ein og ein halv meter over jorda og er grave ein halv meter ned i ho. Ti månader har gått med til å byggje det. Prisen vart på 45 millionar danske kroner.
Lenger sør i Europa er det sett opp 90 centimeter høge flyttbare elektriske gjerde på den tyske sida av grensa mot Polen. I desember var 12 mil av den 28 mil lange grensa mellom delstaten Brandenburg og Polen planlagt dekt av gjerde parfymert med dufter av ulv, gaupe, bjørn og menneske, ifylgje den offentleg finansierte kringkastaren i Brandenburg RBB. Prisen skal vere 160.000 euro, betalt av delstaten.
Som om ikkje Europa hadde problem nok, er villsvina med på utfordre draumen om det grenselause kontinentet. Det er bygd gjerde også mellom Frankrike og Belgia og mellom Bulgaria og Romania, står det å lese i Miljødirektoratets handlingsplan mot villsvin.
For villsvina, dei er grenselause. Og sidan dei er ville dyr, eig dei ikkje folkeskikk. Dei trakkar og trampar i både vill og dyrka mark. Dei lever nær folk og bringar med seg sjukdommar vi ikkje vil ha.
No er det den afrikanske svinepesten som trugar. Sjukdommen har spreidd seg i Europa sidan viruset slo til i Polen og dei baltiske landa i 2014. Svinepesten råkar ikkje menneske, men tek knekken på både ville og tamme svin på få dagar. Han lever vidare i infisert kjøt, sjølv om det er tørka eller frose. Viruset smittar frå ville til tamme svin. Som Dag og Tid skreiv førre veke, har afrikansk svinepest kosta livet til kring halvparten av alle griser i Kina og snudd verdsmarknaden for svinekjøt på hovudet.
Førebur seg
– Hoi, hoi! Hoi!
Ein dyretransportsjåfør ropar til lysrosa griser, dei er på veg ut av grisehuset og inn på lasteplanet til si siste reise. Bak grisene gjeter ein ung grisebonde dyra fram dit dei skal.
Som Dag og Tids utsende har eg teke vegen til Wollin i Brandenburg, eit par timar med bil frå den polske grensa. Wollin er ein bitte liten landsby med pastellfarga murhus på rekkje og rad, fleire av dei med traktor i bakgarden. Køyrer ein ut av det vesle bygdesenteret, hamnar ein på ein grusveg som går gjennom ein skog med aktiv drift. Vegen fører til eit svært bruk, grisefarmen til Ole Daniels.
Dag og Tid har teke turen for å snakke med han om korleis han førebur seg mot villsvina og den afrikanske svinepesten som trugar.
I januar melde Reuters at det var funne villsvin med afrikansk svinepest berre 12 kilometer frå den tyske grensa. Smitten nærmar seg med villsvin i rørsle. Vil gjerda stoppe dei? Eller vil villsvina fjerne nok eit land frå lista over smittefrie statar?
Daniels viser rundt på garden i to gradar og regn. Bruket vart skipa av bestefaren hans i 1974 og har eit utal bygg. Garden ber preg av at økonomien ikkje har vore den beste dei siste tiåra. Fleire av bygga er ikkje lenger i bruk, og målinga flassar av på veggene. I fire år har 31 år gamle Daniels drive garden, som den tredje generasjonen grisebonde i familien. Han liker å arbeide med griser, fortel han, men utfordringane berre veks og veks. Ville han blitt grisebonde om han var 22 i dag? Han er ikkje sikker. Skulle den afrikanske svinepesten ramme, er mykje usikkert. Sjølv har han gjort alt han meiner er mogleg for å førebu seg på det verste.
– Her har vi installert UV-lys som desinfiserer alt som skal inn i grisehuset. Det gjorde vi for fire veker sidan, seier han og opnar døra til eit lite rom som fungerer som ei sluse.
Feil side av elva
Tysk landbruk skil seg kraftig frå norsk. Medan maksimal produksjonsgrense i Noreg er på 2100 slakta dyr årleg og 105 avlspurker, har grisehuset her ni tilsette og husar 10.000 griser totalt, både smågris og purker. I familien driv dei med til saman kring 30.000 griser, fordelt på tre ulike bruk. Den eine garden er, tru det eller ei, driven av bestefaren på 92.
– Ein av gardane dykkar ligg berre 35 kilometer frå den polske grensa?
– Ja, dei er ganske redde for å få smitta der. Eg trur den største risikoen er at menneske tek med seg smitten. Men problemet ved grensa er at når villsvina sym over elva, sym dei ikkje attende. Derfor meiner vi at gjerdet ligg på feil side av elva. (Elvane Oder og Neisse renn langs grensa mellom Polen og Tyskland, red.merk.)
– Har du sett korleis det er rundt gjerdet?
– Nei, men far min har vore der, og han seier at gjerdet allereie er øydelagt. Truleg av menneske, for det er berre å trakke det ned.
– Det er folk som ikkje vil ha noko gjerde der?
– Ja, for folk kjem seg ikkje ned til elva.
Ingen er sikre på kor mange villsvin som lever i Europa i dag, men jakttala kan seie noko om storleiken på bestanden. I jaktsesongen 2017/2018 vart det i Tyskland skote heile 836.865 villsvin, ifylgje det tyske jaktforbundet.
Daniels er ikkje nøgd med arbeidet styresmaktene har lagt ned for å stogge villsvina så langt. Han håpar at dialog mellom Polen og Tyskland skal føre til kraftigare tiltak.
– Å byggje et permanent gjerde på polsk side ville vore det beste.
Ventar prisfall
Førebels er Tyskland fritt for svinepest. For tida tener faktisk bønder som Daniels på pesten som herjar. Grunnen er at Kina er blitt storimportør av svinekjøt frå Europa etter å ha blitt hardt råka av sjukdommen. Prisane på EU-kjøt har auka kraftig. Daniels jublar ikkje for det. Prisane har vore låge lenge, og no sparer han den ekstra innteninga til hardare tider. Han synest det blæs stygt frå alle kantar for tida, og opplever ikkje at folk støttar opp under landbruket slik dei gjorde før. Skulle afrikansk svinepest råke Tyskland, vil kjøtprisen søkke som ein stein. Kina har fram til no nekta å ta imot kjøt frå land med afrikansk svinepest.
– Kva inneber det for deg om smitten kjem over grensa?
– Det er to moglege scenario. Får vi smitten i grisehuset, får vi igjen pengar på forsikringa. Då må vi drepe alle dyra og desinfisere alt. Så er spørsmålet når vi kan starte opp igjen, seier han.
– Det andre scenarioet er at smitten kjem i villsvina i ein sirkel nær oss. Då kan vi risikere å få forbod frå veterinæren mot å selje kjøtet vårt. Det er det vi er reddast for. Då får vi ikkje noko igjen på forsikringa, og det blir fødd 1500 smågriser her kvar einaste veke som ingen vil ta imot. Kva gjer vi då? Eg har diskutert ein slik situasjon med veterinærane, og dei har ingen gode løysingar, seier Daniels.
– For deg kan eit utbrot hos villsvin få større økonomiske konsekvensar enn eit utbrot i grisehuset?
– Økonomisk sett, ja, men eg vil jo ikkje ha smitten i huset. Om ein må drepe alle grisene, vil ein truleg ikkje starte drifta att etterpå. Det er mykje hardt arbeid, og eg måtte seie opp arbeidarane. Dei kan gjere reint eit par veker, men så er det over. Og vi vil ikkje vite når vi kan starte opp att, og om vi får arbeidarane attende.
Daniels føler seg sikker på at smitten kjem også til Tyskland ein dag.
– Det er eit spørsmål om tid, seier han.
Nullvisjon i Danmark
I Danmark har dei ein nullvisjon knytt til villsvin. Våren 2018 signerte den danske regjeringa og Dansk Folkeparti ein avtale om å utrydde villsvin frå dansk natur, for å hindre dyra i å spreie afrikansk svinepest til landet.
Tiltakslista for å fjerne villsvina frå dansk jord er lang. Det mest synlege tiltaket er det sju mil lange gjerdet på grensa til Tyskland.
Reglar er endra for å gjere nedskytinga av dei uønskte svina lettare. På rasteplassar langs motorvegane skal utanlandske lastebilsjåførar og andre få klar beskjed. Matavfall skal i bosset, ikkje i naturen, der villsvin kan setje trynet sitt i det.
Satsinga er lett å skjøne. Produksjon av levande svin og svineprodukt er ein stor industri i Danmark. I 2016 var verdien 30 milliardar danske kroner.
Avdelingsdirektør Jens Munk Ebbesen i det danske bondelaget, Landbrug & Fødevarer, er nøgd med at styresmaktene tek kraftige middel i bruk for å hindre villsvin i å komme over grensa frå Tyskland. Dei utgjer den største smittefaren, slik han ser det.
– No er det ingen sjuke villsvin i Tyskland. Men har du villsvin i naturen, er det truleg at dei et mat som menneske har kastar. Det har du sett i Tsjekkia, Belgia og Aust- og Vest-Polen. Det kan skje i morgon i Noreg, Sverige, Tyskland og Danmark, seier Ebbesen.
Eitt sjukt villsvin er nok
I Danmark reknar dei med at det er om lag 40 villsvin – ein svært liten populasjon. Til samanlikning reknar ein med at det er kring 300.000 villsvin i Sverige og mellom 400 og 1200 i Noreg.
– Danmark har få villsvin, og det gjer risikoen lågare. Det same gjer gjerdet. Danmark kan vere det einaste landet i Europa der det er mogleg å utrydde villsvina. Når det er sagt, vil eitt smitta svin, vilt eller tamt, stoppe all eksport av danske svineprodukt utanfor EU, til Kina, USA, Japan, Sør-Korea og Canada. Polen og Belgia kan ikkje lenger eksportere til Asia, seier Ebbesen.
Ifølgje Ebbesen produserer Danmark om lag to millionar tonn svineprodukt, og minst 85 prosent av det vert eksportert. Ein firedel av produksjonen går til Kina.
Det danske bondelaget reknar med at eitt utbrot av afrikansk svinepest i Danmark vil koste næringa fem milliardar danske kroner.
– Tapet blir mindre om ei grisebesetning er smitta enn om villsvin er smitta. For det er lettare å vise at besetninga er fri for smitte, enn at villsvina er det. På eit svinebruk kan det ta tre til fire månader å vise at det er fritt for smitte. Med villsvin vil det ta minst 12 månader.
– Korleis opplever danske grisebønder trusselen frå villsvina?
– Eg trur alle er bekymra. Griseindustrien har bidrege med 30 millionar kroner til gjerdet som er sett opp. Det er opningar i det, men det hjelper oss med å halde talet på villsvin så langt ned mot null som mogleg.
Det danske gjerdet har 20 permanente opningar, til grenseovergangar og større kryssande vassløp. For kvar kilometer finst ein port menneske kan gå gjennom. Smådyr skal finne hòl der dei kan krysse grensa for kvar hundre meter.
Grensekontroll
Bondenæringa i Danmark pungar også ut for å halde lastebilar frå utlandet frie for virus. Når bilar med eksportert dansk smågris kjem tilbake synleg skitne, blir dei sende tilbake for vask. Ser dei reine ut, blir dei vaska og reinsa på grensa før dei dreg vidare til danske gardar.
– Du har eit godt håp om å halde viruset ute av Danmark?
– Ja. Det er alltid ein liten risiko, men vi har minimert han. Om ting endrar seg, og Tyskland får afrikansk svinepest, kan også Schleswig-Holstein få det (nær den danske grensa, red.merk.). Då kan det vere ein stor risiko, og då er det mogleg at vi må ta i bruk nye verkemiddel.
Gjerde utan meining?
Ikkje alle er like positive til villsvingjerda gjennom Europa. 15 naturvernorganisasjonar, 12 i Danmark og 3 i Tyskland, har kjempa saman for å stoppe gjerdet som er reist i Danmark. Naturvernarane meiner gjerde mot afrikansk svinepest ikkje har effekt som kan dokumenterast.
Fleire hundre innbyggjarar i grenseområda dukka opp då det vart demonstert mot villsvingjerdet 1. februar. «Verbundenheit ist Schönheit», hadde ein motstandar av det danske gjerdet skrive på ein kvit lapp og hengt opp med rosa garn på det grå gitteret.
Grisebonden Daniels ønskjer seg sterkt eit permanent gjerde, men også han trur at smitten mest truleg vil spreie seg med menneske. Grensekontroll og vask av lastebilar, som i Danmark, står høgt på ynskelista.
– Folk kan ta med seg kjøt frå Polen og over grensa. Lastebilane er den største risikoen. Dei har med seg griser frå Danmark og Tyskland, og så kjem dei tilbake att. Sjåførane kjøper maten sin i Polen fordi han er billigare der. Det er berre å sjå på parkeringsplassane langs motorvegane her korleis folk kastar mat. Mange stader er det ikkje villsvina som er problemet, men menneska.
– Om ein må drepe alle grisene, vil ein truleg ikkje starte
drifta att etterpå.
Ole Daniels, tysk grisebonde
Grenselause svin
Ein serie om ville og tamme svin som tek med seg smitte over landegrenser og kan skade naturmangfald og dyrka mark. Del 2