– Usikkert å jobbe som frilansDet seier Jan Øyvind Grung Sture. Han er på mange vis ein typisk representant for den nye norske studenten. Han har nemleg alt ein master i bagasjen, men har søkt på nye studium ved Samordna opptak i år. Dag og Tid møter han p
Det seier Jan Øyvind Grung Sture. Han er på mange vis ein typisk representant for den nye norske studenten. Han har nemleg alt ein master i bagasjen, men har søkt på nye studium ved Samordna opptak i år. Dag og Tid møter han på ein kaffibar i hovudstaden:
– Eg er cellist og har master frå musikkhøgskulen frå 2012. Eg har arbeidd som frilansmusikar sidan. Men no søkjer eg på ny utdanning og har ført opp desse tre ynska til Samordna opptak: informatikk, sjukepleiarutdanning og barnevernspedagogikk.
– Det vil føre deg langt frå musikken. Kvifor søkjer du, har det vore vanskeleg å leva som frilans?
– Nei, i grunnen ikkje, så det er ikkje av direkte økonomiske grunnar eg søkjer. Men eg har stifta familie og ynskjer meg eit meir føreseieleg tilvære. Dessutan synest eg det hadde vore artig å kombinere spelejobbane med eit anna yrke.
Difor bankar altså Sture på døra til Samordna opptak. Han fortel at han ikkje tidlegare har hatt ambisjonar innan informatikk, men er nyfiken på studiet. Samtidig er han viljug til å gå vidare med sjukepleiarutdanning dersom han ikkje finn seg til rette i informatikk. Sjukepleiaryrket vil ikkje føre til overraskingar, for han har alt familiemedlemer som er sjukepleiarar. Interesse for barnevernspedagogikk er noko som har kome med farskapet, fortel han.
– Med mange alderspoeng vil det nok ikkje vera vanskeleg å koma inn på informatikk. Men kva om du tek plassen frå eit ungt, inspirert datageni? Vil ikkje det vera feil?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.