– Utfordrar pressestøtta

Klassekampen-redaktør Mari Skurdal meiner Dagbladet driv modellinnovasjon som kan utfordre både ordninga for og legitimiteten til dagens pressestøtte.

Dagbladet Pluss er skilt ut som dotterselskap av Dagbladet AS og har i år søkt om å få ein bit av pressestøttepotten som tidlegare var berre for papiraviser. Støtta, som er eit produksjonstilskot, er til for nyhende og aktualitetsmedium som «inneholder et bredt tilbod av nyhets-, aktualitets- og debattstoff fra ulike samfunnsområder», skal bidra til mediemangfald og vere retta mot vanskelegstilte medium med små opplag. I søknaden argumenterer Dagbladet Pluss for at det er eit hovudmedium som «utgir et helt annet produkt enn det Dagbladet gjør».

Klassekampen-redaktør Mari Skurdal meiner det står fram som eit skrivebordsprodukt og fryktar for framtida til pressestøtta om søknaden skulle gå gjennom.

– Kulturminister Trine Skei Grande har åtvara mot at medium tilpassar seg støtteordninga for å kome inn. Slik eg les søknaden til Dagbladet Pluss, er det det dei har gjort. Det er ingenting ved modellen deira som skil Dagbladet Pluss frå andre aviser som har lukka pluss-saker på nett – anna enn at dei kallar seg eit hovudmedium og søkjer produksjonsstøtte.

– Så du er prinsipielt imot at ein aktør som Dagbladet Pluss kjem inn under ordninga?

– Eg er ikkje prinsipielt imot at nokon sender inn ein søknad, men vi må sjå på kriteria her. Pressestøtta er laga for å kompensere for marknadssvikt, og for dei avisene som ikkje har same tilgang til reklamefinansiering som dei store. Dagbladet er eit selskap som går i pluss, det har aldri gått så godt som no, men som har skilt ut ein del av verksemda som går med nær 20 millionar i underskot. For ei avis som Klassekampen går dei store utgiftene til personal, trykk og distribusjon. Dagbladet Pluss har skyhøge driftskostnader på 63 millionar kroner som det er vanskeleg å forstå kva går til. Dei har ti tilsette, som vel vil seie rundt 10 millionar i utgifter. Resten går nok til kjøp av tenester og det dei kallar distribusjonskraft, som vil seie å vere tilgjengeleg på Dagbladets nettsider, og som dei då betaler dyrt for til Dagbladet. Så det store spørsmålet i saka er om du kan sjå på Dagbladet Pluss som eit eige hovudmedium.

– Du har sagt du fryktar kutt for Klassekampen om Dagbladet får støtte og støttepotten ikkje vert auka.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement