Så var dagen komen då eldsteguten vaks ut av grindesenga og skulle få seg ny, større seng. Han er tolv år, så eg tenkte ei 120-seng kunne passa fint. Ekstra fint passa det at nokon selde ei to år gamal 120-seng på den lokale kjøp-, sal- og bytesida på Facebook. Eg fekk henne for 2000 kroner.
No var det berre å få bror min, som har stort bagasjerom, til å henta senga.
– 120-senger går ikkje baki bilen, sa han.
– Men du har jo køyrt så mange 150-senger, sa eg.
– Ja, men dei kjem i to delar på 75 centimeter. 120 er den verste senga å handtera, sa han.
– Men om du låner ein hengar, kan eg hjelpa deg å henta henne.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.