Kommentar

17. mai-talen eg gjerne skulle ha halde

Det kan vera klokt å sjå 1814 utanfrå. Det syner det vesle landet vårt som eit unntaksdøme i Europa.

Publisert

Godtfolk! Nasjonaldagar er gode til så mangt. Dei skal ha eit element av sjølvskryt, men utan ein dose sjølvkritikk forfell dei ofte til reine svadaen. For at lesarane ikkje skal falla i svevn, og for å vera betre førebudd på sjølvpiskinga som kjem, vil eg difor mjuka opp stemninga med litt skryt.

For det er neppe tvil om at nasjonalforsamlinga på Eidsvoll i 1814 gjorde ein framifrå jobb. På tre veker snikra 112 menn saman ei grunnlov med 110 paragrafar som var den mest liberale i verda til då (45 prosent av den mannlege veljarskaren over 25 år hadde stemmerett).

Fleksibilitet

Sverre Steen sa det treffande: Grunnlova er som ein tømmerflåte: fast nok til å halda saman, fleksibel nok til å føya seg etter trykket frå bølgjene.

Denne fleksibiliteten gjorde at Eidsvoll-grunnlova vart eit samlingsmerke for den norske demokratiseringa ut over 1800-talet – og samstundes eit nasjonalt symbol som korkje Karl Johan eller dei andre svenskekongane torde røra ved.

1814 var verkeleg eit annus mirabilis, det må vi seia i dag. Grunnlova vart ikkje noko hinder for utviding av stemmeretten og småfolks rettar, men opna opp slik at fleire kunne få stemmerett (mannleg stemmerett kom i 1898, kvinneleg i 1913). Inkludering er difor ei samla vurdering av grunnlovsverket i dag. Og her heime har vi barnetog, i Frankrike syng dei om blodige revolusjonsfaner og ser kampfly og stridsvogner paradera forbi.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement