35 år med datasatsing på usikker grunn
Sidan 1984 har skulepolitikarane håpa at datamaskiner skal lette læringa. Dokumentasjonen manglar enno.
I dag tek ei rekkje norske barneskular i bruk nettbrett som Ipad. Somme skular gjev brett til elevane også i første trinnet. Illustrasjonsf
Foto: Morten Holm / NTB / Scanpix
På tysdag kom resultata frå den siste Pisa-undersøkinga av nivået til skuleelevar i OECD-landa. Tala for 2018 var ikkje oppløftande for Noregs del: Norske 15-åringar gjorde det litt dårlegare i lesing og naturfag enn i 2015. Ein av fire norske gutar slit med å lese sjølv enkle tekstar, og over 50 prosent av 15-åringane les ikkje på fritida, mot 40 prosent i 2009. Kunnskapsminister Jan Tore Sanner (H) var uroa og peika på at digitaliseringa av samfunnet har endra lesevanane. «Vi må få mer kunnskap om hva økt digitalisering gjør med elevenes leseferdigheter og utholdenhet», sa Sanner til NRK.
Samtidig står kunnskapsministeren i spissen for digitaliseringa av skulen. Som Dag og Tid skreiv sist veke, har truleg kring halvparten av norske grunnskuleelevar eige skulenettbrett eller -PC, og andelen aukar raskt. I august spurde A-Magasinet Sanner om det var forsvarleg å innføre nettbrett og laptop i så stort omfang utan å vite effekten på læringa. «Dette er noe elevene selv etterspør», svarte Sanner, og viste til at elevane «forventer at skolen skal utvikle seg i takt med samfunnet».
Les også: «Nettbrettpilotane i Bærum»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.