Kommentar

Å fjerne Støre no vil vere ei panikkhandling som skaper fleire problem enn det løyser for Arbeidarpartiet.

President Joe Biden (f. 1942) og statsminister Jonas Gahr Støre (f. 1960) stiller opp til familiefoto på Nato-toppmøtet i Washington i år.
President Joe Biden (f. 1942) og statsminister Jonas Gahr Støre (f. 1960) stiller opp til familiefoto på Nato-toppmøtet i Washington i år.
Publisert Sist oppdatert

Då Joe Biden ikkje klarte å snakke samanhengande i fjernsynsdebatten med Donald Trump den 27. juni, var det over. For alle som kunne sjå, vart det tydeleg at personen Joe Biden hadde vorte eit problem for Demokratane. Då dei skifta ut Biden med Harris, snudde først valvinden. Men så tapte Harris til slutt mot Trump likevel.

No viser dei anonyme Ap-kjeldene som vil fjerne Støre, til USA, Biden og Harris. Viss Brenna berre får litt betre tid på seg enn Harris fekk, kan visst valet reddast. På same måten som Biden hadde skuld i dei dårlege målingane, er det personen Støre som er grunnen til at det går så dårleg med Arbeidarpartiet.

Men sett utanfrå verkar denne logikken naiv. For det første er tiltrua til at Brenna vil komme til å mobilisere mange nye Ap-veljarar, altfor optimistisk. For det andre tar han ikkje inn over seg dei underliggjande grunnane til at veljarane overalt straffar dei som styrer.

Ei anna tid

Sosialdemokrati i en skjebnetid (2019) er den beste boka eg har lese om fallande oppslutnad og det som faktisk var ein kollaps for fleire av dei sosialdemokratiske partia i Europa. Forfattaren Halvor Finess Tretvoll reiste rundt og snakka med partifolk både høgt og lågt i partiorganisasjonane i land som Tyskland, England, Frankrike og Spania. Likevel, då eg las boka, var det trass i gode analysar frå dei enkelte landa vanskeleg å skimte nokon mirakelkur for sosialdemokratiet.

«Sosialdemokratiets lykkelige øyeblikk», som historikaren Francis Sejersted kalla det, var i etterkrigstida, då statsstyring, velferdsstatsutbygging og omfordeling gjorde at politikarane utfylte sin del av samfunnskontrakten – å gje innbyggjarane trygge rammer for livet deira. Hovudgrunnen til at sosialdemokratiet har gått tilbake sidan då, er at arbeidarklassen har skrumpa inn, og vidare at det nesten er slutt på å røyste ut frå klassetilhøyrsle. Dette gjeld ikkje berre i Noreg, men generelt i vår kulturkrins.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement