Helse
Å leggje ned akutt- og fødetilbodet ved nordnorske sjukehus løyser ingenting, seier Rana-ordførar Geir Waage (Ap)
I 2015 møtte mange opp utanfor Narvik sjukehus for å protestere mot eit forslag om at sjukehuset skulle miste akuttberedskapen. No har ei arbeidsgruppe nedsett av Helse Nord føreslege å leggje ned akuttilbodet både i Narvik og ved fleire andre sjukehus i Nord-Noreg.
Foto: Bodil Kristine Fagerthun / NTB
Ei av dei fem arbeidsgruppene som har vore nedsette av Helse Nord for å greie ut om funksjons- og oppgåvedeling i og mellom sjukehusa i landsdelen, føreslo denne veka å leggje ned akutt- og fødetilbodet ved fleire sjukehus. Forslaget har fått både opposisjonsparti på Stortinget og regjeringspartiet Sp til å reagere kraftig. I Nord-Noreg har forslaga møtt sterke protestar frå Ap-politikarar.
Ordføraren i Rana, Geir Waage (Ap), skreiv i ei pressemelding tysdag at forslaget ikkje løyser utfordringane Helse Nord står overfor.
– Helse Nord slit med økonomien og strevar med å rekruttere nok fagfolk. Det som har kome fram frå faggruppene no, løyser ikkje desse utfordringane. Men eg er spent på kva som kjem frå styret i Helse Nord når det har vurdert rapportane frå arbeidsgruppene. Helse Nord har jo førebels ikkje meint noko om forslaga, seier han til Dag og Tid.
– Sjukehusa i nord har lenge hatt utfordringar med å rekrutteringa. Korleis kan det løysast, om det ikkje skjer strukturendringar?
– Det er klart ein er nøydd til å gjere noko på struktursida, det skjønar eg òg. Men samstundes dreier strukturen seg om anna enn den økonomiske modellen for Helse Nord. Vi lever i ei ny geopolitisk tid, og som påpeika i både forsvarsstudiar og av totalberedskapskommisjonen er eit desentralisert akutt- og fødetilbod i landsdelen ein føresetnad for god beredskap. Den dimensjonen er ikkje med i utgreiingane frå faggruppene. Dei har ikkje vurdert dei samfunnsmessige verknadene av forslaga, ikkje den forsvars- og tryggingspolitiske konteksten, ikkje beredskapskonteksten eller dette med at Nord-Noreg har tøft klima og store avstandar. Det er difor desse forslaga ikkje løyser nokon ting.
– I dag er det tre akuttsjukehus på Helgeland, men sjukehuset i Mosjøen er alt vedteke avvikla. Ei av arbeidsgruppene føreslår eitt stort akuttsjukehus, men seier ikkje om det er sjukehuset i Rana eller i Sandnessjøen som skal avviklast. Meiner du det trengst to akuttsjukehus framover, eller er du fyrst og fremst imot at akuttsjukehuset i Rana skal avviklast?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.