Krig
«Å sport, er du fred?»
Sport og næringsliv ser ut til å vere like vanskeleg å skilje som sport og politikk.
Tennis - Wimbledon - All England Lawn Tennis and Croquet Club, London, Britain - July 9, 2023 Belarus’ Victoria Azarenka and Ukraine’s Elina Svitolina look on during a break in their fourth round match REUTERS/Toby Melville TPX IMAGES OF THE DAY
TOBY MELVILLE
Tidlegare denne veka slo den ukrainske tennisstjerna Elina Svitolina den belarusiske Viktoryja Azarenka i Wimbledon-turneringa og gjekk vidare til neste runde i meisterskapen. Da kampen var over, nekta Elina, som vanleg, å ta den belarusiske mostandaren i handa.
– Eg har teke det opp att mange gonger: Inntil dei russiske troppane forlèt Ukraina, inntil vi har teke attende territoria våre, blir det ingen handtrykk, sa ho enda ein gong.
Men journalistar likar å stille dei same spørsmåla. Enkelte av dei som var til stades i Wimbledon, gjekk bort til Viktoryja Azarenka og spurde om ho kjende seg som eit offer.
– Offer? svarte Viktoryja.
– Offer fordi nokon ikkje tok meg i handa? Å nei! Ho ønskjer ikkje å handhelse på russarar og belarusarar. Eg respekterer avgjerda hennar.
«Å sport, du er fred!», skreiv Pierre de Coubertin i sin «Ode til sporten» – «Du skaper gode, snille, venlege tilhøve mellom folk.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.