Kommentar
Å stela frå staten har vore normalen
At Ukraina er ein korrupt stat, er ikkje noko nytt. Spørsmålet er: Kven er korrupte? Og kan ein gjera noko med det?
Utover på 1990- og 2000-talet blei heile poenget med å ha politisk makt at ein kunne stela, skriv Halvor Tjønn. Biletet viser statuen av nasjonalhelten Bogdan Khemlnitskij i sentrum av Kyiv og gullkuplane på St.Michael-katedralen.
Foto: Efrem Lukatsky / AP / NTB
For få dagar sidan kom meldinga om at den ukrainske forsvarsministeren, Oleksij Reznikov, går av. Slik saka står no, ser det ikkje ut til at Reznikov har gjort noko gale. Men ministeriet – og ikkje minst sektoren som han leiar – har vore skaka av så mange korrupsjonsskandalar at ministeren fann det best å gå.
Ingen skulle ha vore overraska over at dette skjer. Sjekkar ein med antikorrupsjonsorganisasjonen Transparency International, står Ukraina på 116. plass av verdas land. Denne plassen deler Ukraina med Zambia, og rett bak kjem statar som Kenya, Niger, Laos og Usbekistan. På plassen over Ukraina kjem Angola, El Salvador og Mongolia.
Dette seier det aller meste. Det kunne ha vore sett punktum for denne artikkelen her, hadde det ikkje vore for at Ukraina er eit mykje viktigare land i verda enn Mongolia. Ukraina kjempar for å overleva, og denne kampen har gått saman med kampen mot korrupsjonen. Heilt sidan Ukraina blei sjølvstendig i 1991, blei det snakka på inn- og utpust om at landet ikkje kunne halda fram som ein sjølvstendig stat om ein ikkje gjorde noko med problemet. Dess meir det blei snakka, dess meir stal dei som sat med makta. Utover på 1990- og 2000-talet blei heile poenget med å ha politisk makt at ein kunne stela.
Verdas superrike
For å gjera ei lang og innfløkt historie kort: Litt utpå 1990-talet tok ukrainske namn til å dukka opp på listene over verdas superrike. Dei ukrainske oligarkane hadde ofte éin ting til felles: Dei sat i det ukrainske parlamentet, Verkhovna Rada. Det viktigaste dei dreiv med, var å dela opp den sovjetiske statsformuen. Sjølv i det nokså utarma Ukraina var denne formuen enorm. Dei som sat i parlamentet, fekk god hjelp frå mannen i presidentstolen. Mellom 1994 og 2005 heitte han Leonid Kutsjma. Han, meir enn nokon annan, har fått «æra» for å ha forma oligarksystemet. Kor mykje Kutsjma eig i dag, er uklart. Men svigerson hans, Viktor Pintsjuk, har gjort det rimeleg bra. Rett føre krigen var han god for ein formue på 2,3 milliardar dollar, om ein skal tru avisa Kyiv Post.
Viktor Janukovitsj, som var president frå 2010 og fram til han vart styrta av Majdan-opprøret i 2014, visste også kva pengane var verde. Mens han var president, budde han i Mezjyhirja, rett utanfor byen. Etter omveltinga i 2014 blei Mezjyhirja gjort om til museum. Der kan ein gå ikring og sjå på den luksusen Janukovitsj velta seg i. Mellom anna hadde han eit eige bilmuseum, ein dyrehage og eit stort gartneri. Og sjølve huset er heller ikkje av den mest smålåtne typen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.