Å vekse opp i ein kongefamilie kan ha uheldige biverknader.

Den digitale utgåva av magasinet Hello! med Märtha Louise og Durek Verrett på framsida. Bladet har betalt ein ukjend sum for å få eksklusive rettar til bryllaupet i helga.

Kommentar

Publisert Sist oppdatert

Det er tunge tider for den norske kongefamilien. Slumpen ville det slik at valdssiktinga mot Marius Borg Høiby og vedgåinga hans av kokainmisbruk kom rett før prinsesse Märtha Louise og sjamanen Durek Verrett skal feire bryllaupet sitt i Geiranger, der medierettane er selde til kjendisbladet Hello! og Netflix.

Ingen av desse hendingane er eigna til å styrke oppslutnaden om monarkiet. 36 prosent av dei spurde seier at dei har fått eit meir negativt syn på kongehuset det siste året, synte ei spørjeundersøking NRK fekk laga denne veka.

Her skal det ikkje handle så mykje om valdssakene eller bryllaupet. Båe delar blir svært fyldig dekte andre stader. Derimot er det verdt å sjå nærare på årsakene til at desse sakene er skadelege for kongehuset, og om dei innebygde veikskapane i moderne monarki – veikskapar som blir stadig meir synlege.

Offentleg

I prinsippet kan ein hevde at aktivitetane til Høiby og Märtha Louise ikkje lenger har noko med kongehuset å gjere. Ingen av dei er tronarvingar (Märtha Louise er rett nok på fjerdeplass i arverekka). Ingen av dei har offisielle representasjonsoppgåver, og ingen av dei får apanasje, som er løna kongelege får frå staten. Like fullt er dei offentlege personar gjennom tilknytinga si til kongefamilien, anten dei vil eller ikkje.

Det er dessutan framleis økonomiske band som knyter livet deira til kongehuset, og dermed til det folket som betaler for å halde det norske monarkiet gåande. For å skjøne meir av bakgrunnen, og for å kaste lys på nokre av problema som følgjer med eit kongehus i eit demokratisk land, skal vi gå attende til 1905 og lønsforhandlingane mellom den norske regjeringa og den danske prins Carl. Men først litt om den pussige ordninga vi kallar apanasje.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement