Kommentar

Å velje å ikkje vete

Anniken Huitfeldt har ikkje teke habilitetsreglane alvorleg nok.

Utanriksminister Anniken Huitfeldt på pressekonferanse om habilitetsvurderinga hennar etter ektemannens aksjehandel.
Utanriksminister Anniken Huitfeldt på pressekonferanse om habilitetsvurderinga hennar etter ektemannens aksjehandel.
Publisert

Anniken Huitfeldt (Ap) har til liks med statsrådskollegaene hennar, Tonje Brenna (Ap), Anette Trettebergstuen (Ap) og Ola Borten Moe (Sp), greidd å inhabilisere seg sjølv. Men i motsetnad til dei tre sistnemnde var det ikkje eigne handlingar, men tvert om manglande handling som skaffa henne habilitetsproblem.

Huitfeldt valde sjølv medvete å halde seg uvetande om ektemannens aksjetransaksjoner. Ho fortalde onsdag at ektefellane innførte eit «vasstett skott» seg imellom om kva aksjar han handla, for å unngå problem med innsidehandel. Men Huitfeldt har også forklart at «skottet» vart innført for å hindre at ho vart inhabil. I dag vedgår ho at ho skulle ha skaffa seg konkrete opplysningar om kva for aksjar mannen kjøpte og selde. Ho vedgjekk også at ho har forsømt pliktene sine som statsråd.

Konsekvensen av den manglande kunnskapen var at ho vart «uvetande inhabil», som ho sjølv formulerte det, i behandlinga av fleire saker både i eige departement, i regjering og i statsråd. Ektemannen kjøpte og selde aksjar både i våpenprodusenten Kongsberg Gruppen og i fleire fiskeoppdrettsselskap som er børsnoterte. Aksjekursane i desse selskapa er sterkt influerte av politiske vedtak.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement