Aborttala stig også med dagens lov

Motstandarar av sjølvbestemt abort fram til veke 18 fryktar at omsynet til fosteret skal svekkjast. Abortstatistikken kan tyde på at det alt er i ferd med å skje.

Publisert Sist oppdatert

Det kan gå mot eit nytt storslag om abort. Den klare tilrådinga frå abortutvalet om å utvide grensa for sjølvbestemt abort frå veke 12 til veke 18 av svangerskapet, er nemleg langt frå klar politisk.

Berre Ap, Venstre og Miljøpartiet Dei Grøne har programfesta ei slik utviding. SV og Raudt vil gå lenger og ha sjølvbestemt abort til fosteret er levedyktig eller til veke 22, Frp tek ikkje stilling til abortgrensa og har fristilt politikarane sine i spørsmålet, medan Høgre og Sp vil halde på dagens 12-vekersgrense.

KrF, på si side, vil ha ein lov som vektlegg fosterets rett til liv tyngre enn i dag. I eit innlegg i Dag og Tid førre veke skreiv KrF-leiar Olaug Bollestad at ei utviding av abortgrensa vil tone ned verdien til fosteret og bidra til mindre aksept for det som er annleis. Nett det var òg blant argumenta til dei to medlemmene av abortutvalet som tok dissens mot tilrådinga om å utvide grensa for sjølvbestemt abort.

Ser vi på statistikken, ser det derimot ut til at utviklinga KrF og dei to bak dissensen fryktar, alt er i gang.

Auke av abortar

Ifølgje Folkehelseinstituttet (FHI) vart det i 2022 fødd færre barn med kromosomavvik enn i 2021. Nedgangen har skjedd samstundes som talet på svangerskap med påvist kromosomavvik aukar – noko som heng saman med at snittalderen blant gravide er stigande.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement