Helse
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– Det kryr av videoar der kjendisar og influensarar greier ut om ADHD-en sin, diagnostisert eller udiagnostisert, i positive ordelag. Dei er modige, kreative og morosame. ADHD gir superkrefter. Er det in å ha ADHD?
– Eg veit ikkje om eg vil kalle det in. Det ligg mange ulike skjebnar og forteljingar bak det å oppsøke hjelp. Men ein del fordommar er borte. ADHD Norge har fått høyre at ADHD-diagnosen er den einaste diagnosen pasientane kjem til spesialisthelsetenesta og ber om. Fleire enn nokon gong blir undersøkte. Dei som ikkje får ein diagnose i det offentlege, oppsøker gjerne eit privat tilbod. Der ligg det ingen prioriteringsrettleiar, så alle slepp til. Resultatet blir blant anna at spesialisthelsetenesta for vaksne, DPS, får mindre tillit til det private når det gjeld ADHD-diagnostisering. Dette bidrar til at tilliten til sjølve diagnosen blir svekt.
– Og så legg vi vaksne beslag på tid og ressursar som burde gå til barn som strevar?
– Det er ikkje slik at den eine tar frå den andre. Barn og unge får behandling ved Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP) og vaksne ved Distriktspsykiatrisk senter (DPS). Det er eit spørsmål om kapasitet, ja, men det er fleire barn enn vaksne som blir fanga opp og prioriterte, heilt i tråd med tankegangen om tidleg innsats. BUP samarbeider med den pedagogisk-psykologiske tenesta (PPT) og skulen og jobbar meir tverrfagleg. Det vil vere uheldig om for mange barn med ADHD skal bli følgde opp privat, ettersom det offentlege helsetilbodet er tett samanvove med skulen. Det er ofte på skulen dei strevar mest.
– Kanskje vaksne med ADHD kan klare seg utan ein diagnose?
– Spørsmålet er korleis dei klarer seg i arbeidslivet og på andre arenaer. Når blir ADHD ei funksjonsnedsetting? Det er det fagleg usemje om. Vi veit at risikoen for å bli arbeidsledig, ufør eller kriminell er større om ein har ADHD. Mange blir avhengige av rusmiddel eller anna. Dei blir ofte ståande aleine med problema sine.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.