Alle lektorar er ikkje like for Lånekassen

Studiestøtta skal aukast. Men det er enno skeivskapar i støtteordningane for ulike utdanningsløp. Somme lærarstudentar får ikkje sletta lån etter enda utdanning.

Publisert

No i desember vart regjeringa samd med SV om neste års statsbudsjett. Studiestøtta skal aukast. Studentane får 5400 kroner meir i året, i tillegg til 3600 kroner som regjeringa alt hadde føreslått.

Eg hugsar min eigen studiekvardag kring tusenårsskiftet. Eg budde på hybel for 2500 kroner i månaden og sparte mykje. Faktisk hadde eg ein liten sum oppspart lån og stipend frå Lånekassen då utdanninga var ferdig. Slik er ikkje studiekvardagen i dag. Berre med lånekasselån og -stipend får ein student i dag ikkje endane til å møtast. Studentane er avhengige av å jobbe ved sida av studia.

Arbeid stel studietid

Ei undersøking frå Statistisk sentralbyrå (SSB) i haust viser at studentar med jobb brukar i snitt tre timar mindre i veka på studium enn dei som ikkje jobbar. Ei anna undersøking frå SSB har andre interessante tal: 43 prosent av studentane som er forseinka i noverande studieløp, seier at årsaka er arbeidet dei har ved sida av.

Norske studentar er faktisk blant dei studentane i Europa som jobbar mest ved sida av studia. Det er ikkje til å stikke under stol at somme studentar har altfor høge krav til husvære og andre materielle gode, men hovudgrunnen er at husleiga har auka kraftig sidan eg var student – utan at lån og stipend har fylgt etter. Heiltidsstudenten som berre jobbar i feriane, slik det var i mi studietid, finst det dessverre ikkje mange av.

Sletting av studielån

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement