Politikk
Alle skal med – bortsett frå Raudt
Martin Kolberg ser på etableringa av det raudgrøne samarbeidet som det viktigaste politiske arbeidet han har gjort.
Martin Kolberg fekk sin første jobb i Arbeidarpartiet i 1973. I fleire tiår har han vore mellom dei mest sentrale politikarane i partiet. I slutten av mars forlèt han sitt siste verv, som leiar i Buskerud Arbeidarparti.
Foto: Marthe Amanda Vannebo
På Arbeidarpartiets landsmøte våren 2005 gjorde dåverande partisekretær Martin Kolberg noko som vil verte ståande i den politiske historia. Framfor den fullsette salen i Oslo Kongressenter ved Folkets Hus løfta han neven i vêret, og i takt med orda svinga han neven att og fram: «Fagbevegelsen, fagbevegelsen, fagbevegelsen.»
Dette var landsmøtet som skulle rotfeste det raudgrøne samarbeidet i heile partiet. Same haust vart samarbeidet mellom Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet ein realitet. Det var den første gongen Arbeidarpartiet gjekk i regjering med andre parti, og det sikra Arbeidarpartiet fleirtal og høve til å styre att, etter år med søkkande oppslutning og eit historisk dårleg valresultat i 2001.
– Når enkelte spør kva som er det viktigaste eg har gjort, då er eg klar på kva det er. Det er at eg medverka til å etablere det raudgrøne samarbeidet, seier Martin Kolberg.
Dag og Tid treffer han i heimen hans på Tranby i Viken for å snakke om den aktuelle politiske situasjonen. Kanskje vert det ei stund til neste gong. Han har sagt at han ikkje skal vere som ein sjuande far i huset, som pip frå eit horn på veggen.
SV utanfor
I sommar gjekk Kolberg ut av Stortinget; i slutten av mars går han av som leiar i Buskerud Arbeidarparti. Han trekkjer seg tilbake etter nærmare 50 år som politikar i eit utal ulike roller. Best vert han kanskje hugsa som partiets mektige, og valde, partisekretær og for rolla han har spelt i Stortingets kontroll- og konstitusjonskomité.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.