Sideblikk
Alt går verre for Arbeidarpartiet
I vår misnøyes vinter blir Støre også straffa for det regjeringa ikkje kan gjera noko med.
Jonas Gahr Støre i samtale med statssekretær Kristoffer Thoner før statsministerens oppsummerande pressekonferanse i Oslo tysdag denne veka.
Foto: Fredrik Varfjell / NTB
Spaltisten skal ha skrive at Støre, etter to tap for Solberg, kunne koma til å bli den beste statsministeren landet aldri fekk. Så fekk me han, med Senterpartiet på lasset, og må konstatera at han ikkje er blitt den beste statsministeren me har hatt.
Han har vore uheldig med omstenda på si vakt. Det er ikkje fred over jorda, og ho er slett ikkje berre deilig. Det er dyrtid, krig og uvisse. Det lyder ikkje skjønt frå sjel til sjel. Og regjeringa får ansvar også for det ho ikkje kan gjera noko med.
Oppslutninga om Arbeidarpartiet ligg under bensinprisen. Saksekrisa blir fatal om straumprisen kryssar prosenten på meiningsmålingane. Med ein liten vri på Gudmund Hernes kan ein seia at alt som kunne gå gale for Arbeidarpartiet, går verre. Trøysta er at alt som går ned, kan koma opp att.
MEN VERTINNA MEINER det er meir enn uflaks. Ho minner om at Støre sjølv har sagt at han er ein framandkulturell innvandrar i sosialdemokratiet – med eit kall.
Konverteringsterapien var hans eige verk. Han blei signa av Gro og tatt vel imot. Han gjekk gjennom introduksjonsprogrammet og blei inkludert og delvis integrert, men assimilert i arbeidarrørsla blir han aldri, for han manglar klasserøtene. Han er ikkje oppvaksen i Framfylkingen, har ikkje vore på leir på Utøya og blitt sosialisert inn i partikulturen gjennom AUF.
Støre er sosialdemokrat av overtyding, val og miljø, ikkje av arv. Det har han felles med fleirtalet av dei veljarane Arbeidarpartiet må fanga for å vera eit berekraftig styringsparti. Men han er ikkje mannen som med stort truverd kan finna tilbake til sosialdemokratiske røter han ikkje har. Det ville ikkje nytta å gjeninnføra bots- og bededagen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.