Sideblikk

Alt var betre før i Arbeidarpartiet

Søndagsskule har alltid vore eit dårleg bilde på det indre partilivet. Det er makta som rår.

Den vaklande makta som rådde i 1975: Frå venstre partisekretær Ivar Leveraas, miljøvernminister og nestleiar Gro Harlem Brundtland, partileiar Reiulf Steen, parlamentarisk leiar Odvar Nordli og statsminister Trygve Bratteli.
Den vaklande makta som rådde i 1975: Frå venstre partisekretær Ivar Leveraas, miljøvernminister og nestleiar Gro Harlem Brundtland, partileiar Reiulf Steen, parlamentarisk leiar Odvar Nordli og statsminister Trygve Bratteli.
Publisert

Arbeidarpartiet er i krise og slikkar sine sår etter val­tapet. Ein del av krisa er at dei manglar ei felles kriseforståing. Ulike fløyer har kvar sine faktafornektingar og forklaringar på kva og kven som har skulda. Mens Støre er sinna på Dagbladet som bruker anonyme kjelder om intern krangling.

Største felles mål i sjølvdiagnosane er at partiet har eit godt program og fører ein rett politikk, men i dyrtid og krig strøymer det på med uheldige omstende. Derfor sviktar vanlege folk. Utfordringa er ikkje å endra politikken, men å kommunisera betre.

JONAS HAR FORMIDABLE oppgåver framfor seg. Bakgrunnen er metoo, Giske og Tajik, pendlarhyblar, reiserekningar, inhabilitet, dyrtid, Senterpartiet, vindmøller og prisdrivande straumkablar.

Han kan ikkje halda fram med business as usual og bauta seg fram motstraums, for det går berre nedover. Han må hindra at partiet forvitrar. Han må fornya velferdspolitikken når Brenna står opp om morran til den nye arbeidsdagen. Han må visa omsorg for miljø og klimamål, men også for landbruk og olje.

Då han kom til det som har vore hans eigne i Fellesforbundet, tok dei ikkje vel imot han. Og kvar gong Jagland skriv memoarar, strør han salt i partisåra. Sjølv om det er Stoltenberg han vil ramma, går det også ut over turkamerat Støre i nordvestre Aker. Gro går heller ikkje fri, for då ho hadde makta, ala ho opp begge sine politiske adoptivsøner til statsministrar.

Ho (84) er elles kumulert inn i bystyret i Oslo frå pynteplassen aller sist på lista. Mens alle dei tunge kadrane inntar politisk kvilestilling etter at vestkantbyrådet tok over; Raymond har gått til folkehjelpa.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement