Utanriks

Alt vert heitare – badstova òg

Trass i det konstante trugsmålet om krig, må det gå ganske bra i dette landet. Korleis kunne president Zelenskyj elles ha lova kvar einaste vaksinerte person over 60 år ein smarttelefon?

Våpentrening for sivilistar i Lviv i Ukraina 25. januar.
Våpentrening for sivilistar i Lviv i Ukraina 25. januar.
Publisert Sist oppdatert

Om eg har forstått det rett, vil denne statlege gåva også bli gjeven til alle nye «gutar og jenter» som fyller 60 år. Eg liker tanken.

I ti år eller meir har staten, når eit barn blir født, gjeve mora ein pakke med nyttige babyting. Til alle som byrjar på skulen, gjev staten eit sett med skuleting – kladdebok, linjal, blyantar og så bortetter. Og no, endeleg, vil innbyggjarar som når pensjonsalderen, få ein gratis smarttelefon.

Dette er eit logisk steg i Ukrainas digitaliseringspolitikk. Representantar for presidentkontoret var snøgge med å leggje til at leiarskapen i landet ville gjennomføre økonomiske og sosiale undersøkingar gjennom denne smarttelefonen. Det er alt mogleg å installere appen Diya («handling») på telefonen, der du kan få ut ulike dokument.

Denne appen er blitt navlestrengen mellom staten og individet. Du kan laste opp ein elektronisk versjon av passet ditt, førarkortet, ulike sertifikat og, sjølvsagt, eit vaksinasjonspass. Miljøet kring presidenten drøymer om å avvikle presidentval via smarttelefon i framtida, for å spare pensjonistar og sjuke for å måtte ta seg til eit røystelokale eller be medlemar av valkommisjonen kome heim til dei eller til sjukehusrom.

The times they are a-changing. Tidlegare var det slik at kandidatar til parlaments- og presidentval muta aldrande veljarar med matvarer eller kontantar. No, med hjelp av ein donert smarttelefon, vil det bli råd å gje og få elektroniske gåver i form av billig internettoppkopling eller gåvekort til butikkar.

Forresten vart utsiktene til å gje elektroniske matkupongar til fattige nyleg diskutert på presidentkontoret. Kupongane vil òg bli sende gjennom Diya-appen. Da informasjonen om framtidige matkupongar nådde pressa, lo journalistane av presidentkontoret. Det kunne sjå ut som ein vedgjekk svikt i styringa av økonomien, og at presidentkontoret budde seg på det verste – at det dukka opp ein heil hær av sveltande menneske.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement