Kommentar I Torbjørn Knutsen
Amerikansk egoisme skakar Vesten
Det nye regimet til president Donald Trump er eit fåmannsvelde og eit kolossalt eksperiment.
Demokratane bomma med skremselspropagandaen om at Donald Trump er fascist. Joe Biden trefte derimot spikaren på hovudet då han i avskjedstalen sin den 16. januar åtvara om at Donald Trump skipar eit oligarkisk styresett – «ein konsentrasjon av makt hos nokre få, superrike personar» som trugar republikken.
Bokstaveleg talt tyder oligarki «fåmannsstyre», men ordet får òg meining frå samanhengen det opptrer i. Dersom ein fullt ut skal fatte dei store endringane som går føre seg i USA no, er det naudsynt å gå tilbake til den opphavelege samanhengen – til Platon og Polybios og teoriane deira om politisk regimeendring.
Då må vi byrje med monarkiet, slik dei gjorde. For det er fleire likskapar enn ein skulle tru mellom det gamle, greske monarkiet og Trump.
Monark eller tyrann?
Monarki er ei sterk og stabil styreform der ein rettferdig konge styrer til samfunnets beste, skriv Platon og Polybios. Det veks fram frå kaos. Det konsentrerer makt kring ein allmektig konge og er eit effektivt styresett. Kongen er oppteken av status, ære og det felles beste. Han har fleire praktfulle bustader og hoff av tenarar og rådgjevarar. Dei sørgjer for å invitere samfunnets mektige personar til møte og selskap, slik at kongen kan halde seg informert.
Trump har fleire store bustader – han har «golfklubbar» både her og der, han har Trump Tower i New York og Mar-a-Lago i Florida. Den siste er den staselegaste. Her har han omgjeve seg med rådgjevarar dei siste fire åra – som Stephen Miller, Hope Hicks, Dan Scavino og andre. Han har invitert rike og mektige folk til møte og selskap: teknologimilliardærar og forretningsfolk. Elon Musk har vore ein hyppig gjest og har no flytta inn i eit husvære knytt til Mar-a-Lago; Jeff Bezos og Mark Zuckerberg har òg vore der. Leiande politikarar som Matt Gaetz, Jim Jordan og Lindsey Graham har vitja han. Det har òg influensarar som TV-vertane Tucker Carlson, Pete Hegseth og Kari Lake.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.