Kommentar
Angsten for trygdebeistet
Blir eigentleg velferdsstaten vår så mykje betre av at vi brukar skattepengane våre til å trakassere sjuke folk?
Tonje Brenna overtok posten som arbeids- og inkluderingsminister måndag 16. oktober i år.Tonje Brenna overtok posten som arbeids- og inkluderingsminister måndag 16. oktober i år.
Foto: Stian Lysberg Solum / NTBFoto: Stian Lysberg Solum / NTB
Vår nye arbeidsminister Tonje Brenna har vore klar i sin tale: Det er fleire som jobbar i dette landet, enn som ikkje gjer det. Dei aller fleste av oss står opp om morgonen, går på jobb og betaler skatt. Difor burde vi snakke mindre om nivået på trygdeytingar og meir om korleis vi får folk inn i arbeid.
No er jo Brenna sjølv sjefen for heile dette store systemet. Eg håpar ho vil setje av mykje tid til denne problemstillinga framover. Det har ho god grunn til.
Den uverdig trengande
Det Brenna ikkje seier, men som er sjølve bakteppet for det heile, er dette: Vi lever i ein av verdas mest velståande velferdsstatar. Det er vi mange som er glade for. Samstundes er vi alle litt redde for trygdebeistet, den uverdig trengande. Han, ho eller hen som rett og slett ikkje vil jobbe, unnasluntraren og svindlaren.
Dette beistet kastar ein mørk skugge over heile samfunnsmodellen vår. Over arbeidslinja, over skatteviljen og over velferdsstaten sjølv. Blir det for mange snyltarar, vil det rive velferdsstaten, som vi alle er så glade i, i filler. Difor skal beistet jaktast på, eller iallfall bli trekt inn i arbeidsmarknaden.
Å stå opp om morgonen
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.